Os G17 - første finalist frå Os Fotball sidan 1978. (Privat foto)

Os måtte nøya seg med 2. plass

Norway Cup: Sotra vann strileoppgjeret på Ekeberg.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os sin tropp: Peter «Peet» Armstrong, Marius Een Lyssand, Vegard Strønen Skeie, Trym Hjørnevik, Harry James Moore, Christoffer Eikaas, Bjørnar Straumsnes, Tobias Nøss, Steffen Kvamsdal, Alexander Tøssebro, Sondre Nystad, Daniel Hjørnevik, Casper Maltun, Fredrik Laugen, Kristoffer Røttingen, Casper Røttingen Lunde, Markus Lund Valvik, Karel Bezucha, Marius Hevrøy.

• Les òg: Os vann semifinalen 4-0!

• Les òg: 39 år sidan sist: Lykkeønskefrå finalelaget frå 1978

Os tapte finalen for Sotra i ein kamp som såg ut til å bli prega av to tidlege skåringar til Sotra.

Midtsiden kjem tilbake med kommentarar frå finalen i eigen sak.

Kampen, som skulle ha starta klokka 15.50, fekk forseinka start med over 30 minutt.

TV2 sendte direkte frå finalen.

Midtsiden oppdaterte frå kampen:

60. Sotra - Os 5-0 slutt.

56. Tøssebro legg fint inn, Nystad nær skåring på hovudet, men får ikkje god nok treff.

56. Frispark til Os frå utsida av 16-meter, nesten ute ved cornerflagget.

55. Finalen går mot slutten og Sotra har god kontroll på kampen.

51. Røttingen prøver seg, skyter med venstre, men får ikkje nok kraft i skotet.

47. Mål. Sotra - Os 5-0.

46. Gult kort til Tøssebro etter å ha felt ein Sotra-spelar.

43. Skot av Tobias Nøss, over mål.

38. Mål. Sotra går rett opp og skårer, 4-0.

38. Tøssbro tar frisparket, eit godt skot, men i tverrligger.

38. Os ser tøffare ut etter pause. Frispark frå 18 meter no.

17.06: Andre omgang er i gang.

30. Pause, Sotra - Os 3-0. Os med fint angrep i sluttminuttet, men ei blanding mellom innlegg og skot hamna rett i klypene på Sotra-keeperen.

26. Frispark til Os, på høgrekant, rundt 25 meter frå mål. Prøver seg på skot, men ballen går langt over.

21. Mål. Sotra går opp i 3-0. Får lagt inn frå hjørnet på 16-meteren, ein Sotra-spelar får springa umarkert inn på bakerste stolpe og får ein lett jobb.

20. Godt langskot av Straumsnes på Os, men ballen går utanfor.

14. Mål. Sotra - Os 2-0. Sotra speler vegg i boksen til Os og avsluttar mellom beina på keeper frå kort distanse.

11. Jamn finale til no. Os i angrep, men framleis 1-0 til Sotra.

09. Corner til Os. For lang, går ut til Sotra-kast.

07. Mål. Sotra - Os 1-0 på straffe. Kaptein Skeie kom seint inn i ei takling ute på hjørnet av 16-meteren. Blir ikkje utvist, men Sotra fekk straffe. Sotra-kapteinen sette inn kampens første mål og «Peet» slepp inn sitt første i turneringa (sto over to kampar pga skade).

06. Straffe til Sotra!

03. Os startar friskt, toppskårar Tøssebro nesten åleine med keeper, men Sotra-forsvaret hindrar. Supersupportar Tore Kleppe kjem på skjermen og kommentatorane er imponert, og humrar litt, over den gode stemninga på Os-tribunen, før dei tar turen ned for å ta ein prat med Kleppe.

16.30: Avspark: Kampen er i gang! «Heia Os» ljomar frå tribunen, overdøyver Sotra-publikummet.

16.27: Innmarsj og presentasjon av startellevaren.

16.22: Os-kaptein Vegard Strønen Skeie blir inervjua før innmarsj, og seier Os er godt førebudd. Klarer seg veldig bra på TV!

Fleire saker

bilde-midtsiden

Auka folkevekst i Os

21. august 2017

I Bergen kommune vaks innbyggartalet med 28 i 2. kvartal. Os kommune auka med 173.

bilde-midtsiden

Starta hausten med 13-1-siger

21. august 2017

5. og 7. div. er i gang igjen: Os 3 speler toppkamp i 6. div. kveld, i går skåra Aleksander Havsgård 7 mål for Nore Neset 2.