Kultur | 04. okt. 2013

– Nett som i USA

30 amerikanske bilar, popcorn og svidd gummi. Drive-in kino på Er-An Vegkro blei ein ubetinga suksess.

– Nett som i USA
Stor stemning då det blei arrangert Drive-in kino på Røykenes (foto: Henrik Mjelva)
Andris Hamrefredag 04. okt. 2013 08:14

Torsdag kveld rulla det eine amerikanske gliset etter det andre inn på parkeringa framfor Er-An Vegkro. Formål: Å få med seg den første drive-in kinoen på Røykenes.

– Det blei heilt fantastisk og veldig gøy, stråler Linda Andersen.

Akkurat som i USA

Amcar-entusiastar og tilhengarar av amerikansk kultur samla seg ved Er-An for å sjå American Graffiti på stort lerret. Lyden blei overført til radioane i bilane.

– Vi sleit litt med lyden i starten.

– Du veit, dette er gamle bilar, og det er ikkje alle som kan søka like nøyaktig etter rett frekvens som dagens radioar, men vi løyste det etterkvart.

– Då filmen var slutt, fløyta alle, akkurat som på drive-in kinoane i midtvesten, smiler Andersen.

Svidd gummi

Andersen fortel om strålande tilbakemeldingar frå publikummet.

– Eg trur dei fleste kom inn etter framsyninga for å takka.

– "Er det mulig, tenk at vi er på Søfteland" gjekk att i helsingane, før dei la att ein god del gummi på parkeringsplassen, nett som i USA, ler den entusiastiske innehavarane.

Spent på vêret

Arrangørane skal etter planen ha framsyningar både fredag og laurdag.

– Vi viser to filmer kvar kveld. Fyrst American Graffiti, deretter Grease, som eg trur dei fleste kjenner.

– Nett no er eg berre litt uroa over vêret.

– Vi måtte nettopp ut for å festa lerrettet på nytt på grunn av vinden, men satsar på at det løyer.

– Om folk kan ringe oss og bestille billettar på førehand så er det det beste. Då får vi både oversikt over kor mange som kjem, du veit vi har ikkje plass til meir enn 30-35 bilar, og vi får moglegheiten til å gje beskjed om noko kjem i vegen, avsluttar Linda Andersen.

Les meir om dei to filmane her

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.