Lokal | 27. sep. 2016

Ni kontrollar på éin kveld

Vegvesenet med hyppig kontrollaktivitet fredag kveld. Sto ni ulike plassar.

Ni kontrollar på éin kveld
Statens Vegvesen, her frå ein tidlegare kontroll, sto heile ni plassar rundt i Osbygda fredag kveld (foto: KVB)
Andris Hamretirsdag 27. sep. 2016 10:43

Fredag kveld var Statens Vegvesen sine kontrollørar å sjå fleire plassar rundt i Osbygda.

– Det stemmer det. Vi var ute med tre enheter og hadde tilsaman ni kontrollplassar, fortel inspektør Lars Harald Drange i vegvesenet.

Flytta rundt

Plassane du kunne treffa kontrollørane fredag var i Industrivegen, ved Hagavik Hjemmebakeri, to plassar langs Halhjemsvegen, ved Rema 1000 Flåten, Plantasjen og tre stader i sentrum.

– Vi var ikkje så mange på kvar bil, men flytta oss litt rundt ut frå trafikken. Det var ikkje ein rein bilbelte eller bruk av mobilkontroll vi hadde, men meir ein generell kontroll kor vi tok det som eventuelt kom. Vi hadde eit spesielt auge etter det ein gjerne kallar ungdomsbilar, men dei var som dugg for solen denne kvelden, seier Drange som ikkje hadde resultata av kontrollane for handa, då Midtsiden snakka med han tysdag formiddag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.