Sport | 24. nov. 2016

Nielsen i ny trenarjobb

Tidlegare Os-trenar, Tore Nielsen frå Søfteland, går frå Varegg for å blir hovudtrenar i 4. divisjon.

Nielsen i ny trenarjobb
– Gneist er litt som Os, ein stor klubb som er god på spelarutvikling, seier Tore Nielsen om sin nye klubb. Her som hovudtrenar på Kuventræ i 2013. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 24. nov. 2016 09:11

Tore Nielsen var assistenttrenar for Os då A-laget rykte opp til 2. divisjon med Frank Hellevik i 2009. I 2013 kom han tilbake som hovudtrenar.

Han var to sesongar i trenarteamet til Lysekloster før han i vinter gjekk utan oppdrag, så kom ein halv 2016-sesong som assistenttrenar i Varegg.

– Eg likte meg godt i Varegg! Det er ein god klubb med eit sterkt lag, og eg var veldig involvert i trenargruppa, seier Tore.

Varegg kom som kjent på 3. plass, plassen framfor Os, og heldt seg i 3. divisjon i det som blir Regionsligaen i 2017.

– Men så dukka dette opp, seier Nielsen om trenartilbodet frå Gneist.

Overtar etter Osvaag - igjen

I går signerte Tore Nielsen kontrakt med Gneist, der han blir hovudtrenar for A-laget. Gneist var i pulje med Os i år, der dei landa på 11. plass og rykte ned til 4. divisjon.

Nielsen overtar etter Kennth Osvaag, som no blir hovudtrenar for Vestsiden-Askøy (som landa på 12. plass i same avdeling).

– Også då eg var hovudtrenar for Bergen Nord overtok eg etter Osvaag. Det er tilfeldig at det blei sånn denne gong òg, men det er litt artig, synest Nielsen.

Går det like bra no som med Bergen Nord kan søftelendingen vera nøgd, Nielsen rykte opp til 3. divisjon med eit svært ungt lag frå Bergen Nord.

Bygger lag i stor klubb

– Har du press på deg i forhold til opprykk med Gneist?

– Nei, ikkje slik eg opplever det. Klubben har ambisjonar om å koma tilbake til 3. divisjon, men skal først og fremst driva spelarutvikling og bygga lag.

– Eg føler dette blir litt som då eg var i Os, ein stor klubb med mange gode, unge spelarar. Det er dette eg liker best, å ha vera med på å få mange talentfulle ungdomar inn i seniorfotballen. Tida i Varegg var fin, og i utgangspunktet ville eg bli verande, men dette tilbodet kunne eg ikkje seia nei til. Når eg i tillegg kan reisa til Liland til trening, i staden for å køyra gjennom Bergen, er det dessutan litt enklare.

Nielsen møtte spelarane i går. Måndag leiar han si første trening med Gneist.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.