Sport | 23. mai 2016

NM-bronse til Bakketeig og «Boblen»

Andreas Bakketeig frå Os og resten av BSI Boblen tok medalje i NM i undervannsrugby.

NM-bronse til Bakketeig og «Boblen»
BSI Boblen revansjerte tapet på sudden death i fjor og vann bronsefinalen over arrangørklubben Egersund 3-2. Osingen Andreas Bakketeig innfelt. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 23. mai 2016 19:47

BSI Boblen har etterkvart lange tradisjonar i undervannsrugby, der dei på 90-talet låg i toppen og vann fleire NM-gull.

Dei siste åra har Molde vore suverene, både i Noreg og som vinnar av VM for klubblag. Landslaget til Noreg er òg i verdstoppen og vann VM både i fjor og førre VM, i 2011.

– Vi gjekk nesten på vatnet då vi utlikna til 1-1 og berre låg under 1-2 til pause mot Molde i innleiande rundar, fortel osingen Andreas Bakketeig.

– Men kampen enda 1-12 og vi måtte kjempa om bronse. Molde slo Akkaren frå Oslo i finalen, vi møtte arrangørklubben Egersund, som vi tapte bronsefinalen for på sudden death i fjor.

Sandefjord, som Boblen slo 2-1, tapte 1-20 for Molde.

Skåra i finalen

Boblen leia 2-0 i bronsefinalen, der Bakketeig skåra mål nummer to.

Egersund utlikna til 2-2 før Boblen sette inn kampens siste mål i 2. omgang.

Det er tredje gong Bakketeig, som byrja å spela undervannsrugby i 2009-2010, tar NM-bronse med Boblen.

Byter på å pusta

Boblen sin største siger var 20-1 over Ålesund, men ofte er resultatet meir likt som i fotball.

Spelet går over 2 x 15 minutt med seks spelarar i vatnet, seks innbytarar på land og tre reservar.

– Vi speler med keeper, to backar og to spissar. Det er lov å ha ballen i overflata, men mesteparten av spelet, og naturlegvis skåringane, skjer under vatn.

– Nå dei i vatnet treng luft så byter vi med dei på land. Det er fysisk krevjande, men òg mykje taktikk og kommunikasjon mellom spelarane, fortel Andreas.

Negativ oppdrift

På botnen, i kvar ende av bassenget, er ei bøtte i metall som fungerer som mål. Ballen er på storleik med ein handball, laga av gummi og fylt med saltvatn.

– Det går fint å kasta ballen eit par meter sidelengs under vatn. Den søkk med cirka ein meter i sekundet.

Reglane er elles ganske like som rugby på land.

– Du kan ikkje slå, sparka, ta kvelertak eller halda i utstyret, som maske eller svømmeføtter til motspelar.

Starta med fridykking

Bakketeig fortel at han starta med fridykking ved eit slumpetreff.

– Eg las om sporten i eit blad om fridykking, og tenkte at dette kunne vera ein grei vinteraktivitet.

– Seinare, når eg har fått born, så har det passa meg betre å trena undervannsrugby 2-3 dagar i veka enn å gå på undervannsjakt.

Boblen trener i AdO og i basseng på Garnes.

– Det er stor forskjell på å halda pusten under vatn på fridykking og i undervannsrugby. Det er eit voldsomt tempo, men det er veldig gøy.

Les meir om undervannsrugby (må ikkje forvekslast med vannpolo) på Norges Dykkerforbund sine heimesider og på Wikipedia.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.