Sport | 14. mars 2016

NM-bronse til Os-skyttarane

Bogeskyttarane frå Os, som skyt for Fana Bueskytterklubb tok bronse i NM. Bettina Moberg Johansen toppa det med individuell bronse i tillegg.

NM-bronse til Os-skyttarane
Asbjørn Olav Orvedal, Bettina Moberg Johansen og Håkon Strømland Johnsen skaut på bronselaget (privat foto)
Andris Hamremandag 14. mars 2016 13:27

Dei ferske bogeskyttarane i Fana Bueskytterklubb deltok i helga på noregsmeisterskapen som blei arrangert i Stavanger.

Med fersk noregsrekord i bagasjen hadde trenar Endre Vik Larsen stor tru på at skyttarne frå Os skulle markera seg under meisterskapen.

– Det blei bronse på laget frå Fana. Dei slo desverre ikkje Stavanger, men eg er kjempe imponert over dei. Det er gøy å vera trenar for så dyktige og lærevillige ungdom, fortel Vik Larsen om innsatsen til Asbjørn Olav Orvedal, Bettina Moberg Johansen og Håkon Strømland Johnsen.

Ny pers x 2

Det var ikkje berre i lagkonkurransa dei unge osingane gjorde det bra.

– Det blei òg bronse på Bettina i den individuelle konkurransen. Under innleiinga på laurdag satte ho i tillegg ny personleg rekord med 474 poeng av 600 moglege.

– Ny pers satte også Håkon med 486 poeng av 600 moglege. Dette heldt til 11 plass etter den innleiande skytinga, men i finalen skaut han seg heilt opp til ein femte plass, fortel trenaren.

I tillegg til den gode innsatsen frå dei unge osskyttarane plukka klubben med seg sølvmedalje i tradisjonell kadett ved Andreas Vik Larsen og bronse ved Kjerstin Hoff i klassen recurve damer 50.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.