Sport | 09. apr. 2014

To NM-gull og to noregsrekordar

Klokka 04.45 ringer vekkerklokka for morgontrening i Bergen før skulestart. I hennar første senior-NM fekk råsterke Ariel Braathen (14) løn for strevet.

To NM-gull og to noregsrekordar
Ariel på veg til NM i Stavanger. Det blei ein vellykka tur. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 09. apr. 2014 06:50

– Dette er ikkje min beste prestasjon, eg har sumt betre enn eg gjorde i NM.

– Men det er mine beste resultat, seier Ariel Braathen frå Søfteland, som før helga debuterte i senior-NM.

To gull og norske rekordar

Ariel er del av Bergen SC-laget som tok NM-gull i stafett i både 4 x 50 meter fri og 4 x 100 meter fri.

I tillegg blei det ny norsk rekord på begge distansane.

– Vi låg også an til siger på 4 x 50 meter medley, men eg var for tidleg uti på min distanse, så vi blei diskvalifisert for tjuvstart.

Ho deltok også i fire individuelle øvingar, men der nådde ho ikkje opp.

– Eg held på å jobba inn ny teknikk på brystsymjing. Eg hadde litt høg frekvens på symjetaka, no jobbar eg med ein rytme som passar styrken min betre.

10-12 treningsøkter i veka

Havfrua frå Os har tidlegare sagt at OL i Rio i 2016 er hennar største mål. Og ho jobbar hardt for å bli best.

– Vekkerklokka mi ringer klokka 04.45, men eg står ikkje opp før 04.55, innrømmer ho.

Seks dagar i veka går turen til morgontrening i Bergen, og ho må tidleg opp for å vera tilbake til Søfteland til det ringer inn.

Etter skuletid går turen til Bergen igjen for økt nummer to. Berre søndag er treningsfri.

Langbane neste

Ariel er saman med storebror Sebastian og tidlegare lagkamerat Tom Andree Moberg Johansen stortalent dyrka fram av Os Svømmeklubb i Osbadet.

No trener Tom Andree med Delfana og søsknene Braathen med Bergen SC.

Neste mål for Ariel, som fyller 15 år i mai, er NM i langbane til sommaren.

Les òg:
Fire gull og to sølv
Klarte NM-kravet

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.