midtsiden

NM i nasjonalbåten

Med start i Våge skal over 20 oselvarar kjempa om NM-tittelen på Bjørnefjorden til helga, for første gong som nasjonalbåt.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Onsdag, august 11, 2010 - 23:35

Førstkomande laurdag og sundag arrangerer Siglarlaget Njord/Tysnes i samarbeid med Idrettslaget Milde Båtlag, norgesmesterskap for oselvarar med spririgg.

Seglasane finn stad på Bjørnefjorden, med start i Våge på Tysnes.

- For at meisterskapen skal vera eit offisielt NM krev Norges Seilforbund at det må starta minst 20 båtar. Gjennom fleire år har dette vore krevjande å få til, seier Kjell Magnus Økland frå Siglarlaget Njord/Tysnes.

- Men etter at oselvaren i fjor blei kåra til Noregs nasjonalbåt ser det ut til at fleire båtar enn på mange år kjem til å delta. Årets NM markerer dermed ein ny start for oselvaren.

Status som forpliktar
Oselvaren blei kåra til nasjonalbåt av Redningsselskapet natt til måndag 17. august 2009.

- Oselvarmiljøet har derfor forplikta seg til å arbeida for betre kår for denne viktige maritime kulturarva, som framleis er merkeleg lite påakta i Noreg.

- Arbeidet vil blant anna gå ut på å fremja moderne bruk av båten og styrkja det båtfaglege samarbeidet mellom ulike tradisjonsbåtmiljø i Noreg, slik at tradisjonsbåtane kan få den plassen dei fortener i kulturhistoria.

I regatta sidan 1871
Første gong oselvaren deltok i regatta var i 1871 og båten har segla regatta kvart einaste år sidan 1889 (bortsett frå idei første krigsåra, 1940, 1941 og 1942).

- Oselvaren er soleis ein av verdas eldste regattaklassar, seier Økland.

Klassen har sidan år 2000 hatt klassereglar skriven etter det internasjonale seglforbundet sin mal. Båtane er rigga og utstyrt fullt ut som konkurransebåtar, på lik linje med moderne jollar og kjølbåtar.

- Oselvaren byr på alle dei utfordringar som ein regattasiglar måtte ynskja seg. At båttypen både er eit bindeledd tilbake til lenge før statsdanninga, og byr på tettare kappsegling enn mange eintypeklassar, er unikt i både norsk og internasjonal samanheng.

Ung og gamal
Alder er ingen hindring når det gjeld oselvarar og seglarar: Eldste båten i årets felt er frå 1924 og er ein av dei heitaste kandidatane til NM-gullet. Det same gjeld den nyaste båten i feltet, som var ferdig bygd i 2008.

- NM-deltakarane varierer også i alder, dei yngste er tidleg i tenåra medan eldstemann er ein førkrigsmodell som har passert 70 år.

Premiebordet blir fylt med Norges Seilforbund sine NM-medaljar i gull, sølv og bronse, Redningselskapets Nasjonalbåtpris, Hordaland Fylkeskommunes sølvpokal, Hordaland Seilkrets' Krystallvase, Oselvarklubbens startpremie, Falne Seileres Pokal, Hjeltefjordkruset, Tysnes Kraftlags Gåvepremie, Bladet Tysnes' Gåvepremie, John Fagertuns Gåvepremie - og litt til.

- Vi får også prominente gjestar på besøk, presidenten i Norges Seilforbund Peter L. Larsen vil vera til stades under meisterskapen og Redningselskapet kjem med redningskøyta Bjarne Kyrkjebø, fortel Kjell Magnus Økland.

Fleire jubileum
2010 er eit stort jubileumsår for oselvaren:

• Årets NM-arrangør Siglarlaget Njord/Tysnes feirar sitt 75-årsjubileum i 2010.

• Oselvarklubben blei stifta 27. august 1945 under namnet Bergen og Hordaland Seilersamband. Seilersambandet tok hand om terminliste, dommaropplæring, klassereglar, appellsaker og PR-tiltak og var med eit regionalt seglarforbund i Hordaland lenge før Norges Seilforbund vart stifta i 1970. I 2010 feirar klasseklubben 65 årsjubileum samstundes som oselvaren seglar sitt 30. noregsmeisterskap.

• Siglarlaget Njord/Tysnes sitt anlegg Njordstø feirar dessutan sitt 25 årsjubileum i år.

Første start går klokka 12.00 laurdag og 11.00 sundag.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11