Lokal | 09. des. 2016

No blir bølgedemparen forankra

Fredag formiddag kom bølgedemparen til Os - no går helga med til forankring.

No blir bølgedemparen forankra
Litt før klokka 10 i dag kom bølgedemparen frå Strandvik til Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 09. des. 2016 09:57

Bildeserie:

På førehand er fire boltar festa i fjell. (Foto: KVB)
På førehand er fire boltar festa i fjell. (Foto: KVB)
Assistentane låg klare. (Foto: KVB)
Assistentane låg klare. (Foto: KVB)
Bølgedemparen stikk 3,36 meter djupt. (Foto: KVB)
Bølgedemparen stikk 3,36 meter djupt. (Foto: KVB)
50 meter og 75 tonn. (Foto: KVB)
50 meter og 75 tonn. (Foto: KVB)
Signallys er montert. (Foto: KVB)
Signallys er montert. (Foto: KVB)
Dei kraftigaste festa blir tatt først, så skal den inn ved moloen. (Foto: KVB)
Dei kraftigaste festa blir tatt først, så skal den inn ved moloen. (Foto: KVB)
Forankringa.
Forankringa.
Plasseringa av den første.
Plasseringa av den første.
Når alle fire er på plass.
Når alle fire er på plass.
Os hamn er ikkje alltid trygg.
Os hamn er ikkje alltid trygg.
Med god skjerming kan båtturismen auka.
Med god skjerming kan båtturismen auka.
1 av 11
På førehand er fire boltar festa i fjell. (Foto: KVB)
Assistentane låg klare. (Foto: KVB)
Bølgedemparen stikk 3,36 meter djupt. (Foto: KVB)
50 meter og 75 tonn. (Foto: KVB)
Signallys er montert. (Foto: KVB)
Dei kraftigaste festa blir tatt først, så skal den inn ved moloen. (Foto: KVB)
Forankringa.
Plasseringa av den første.
Når alle fire er på plass.
Os hamn er ikkje alltid trygg.
Med god skjerming kan båtturismen auka.

Den spesialdesigna bølgedemparen, den første av planlagte fire, kom til bjørnafjordenområdet frå fabrikken i Talling torsdag for ei veke sidan.

No har den lagt til kai i Strandvik, der utstyr og signallys er montert, og klokka 10 i dag var den på plass ved dei første forankringspunkta utanfor Os hamn.

– Skal ligga ved moloen

På førehand har Egersund Group, som har oppdraget med forankringa, festa fire boltar i fjell eit stykke utanfor der bølgdedemparen skal ligga.

– Det er desse som blir festa først, fortel prosjektleiar Tor Inge Døsen frå Os kommune, på plass på moloen for å sjå ankomsten.

– Han skal ikkje ligga der ute ved blåsene, men rett innanfor moloen frå Mobergsneset. Når desse fire er festa skal det anker og eit kobbel med liner for å få den på skikkeleg på plass. Arbeidet med forankringa kjem til å halda fram i dag og laurdag, kanskje også søndag.

Mål
• Vekt: 75 tonn
• Lengde: 50 meter
• Breidde: 1,5 meter
• Djupstikk: 3,36 meter

Bruker minst 21 millionar på skjerminga av hamna

Os kommune har i utganspunktet sett av 21 millionar kroner til skjerminga av hamna.

Om denne første bølgedemparen fungerer, og dei tre neste blir bestilt, vil prisen bli høgare, har det vist seg.

No håper Os kommune på nokre kraftige stormar frå rett retning, så denne første bølgedemparen får vist om han fungerer.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.