
Det blei jubelscenar og klemming etter dagens 23-22-siger over Sotra. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
No blir det fest!
Os vann bortekampen mot Sotra 25-21. I dag var det strileoppgjer på Kuventræ.
– Sotra har styrka laget sitt. Dei er betre enn tabellen tilseier og var vanskelege å spela mot i dag, seier Os-trenar Erlend Lyssand etter dagens kamp i Oshallen.
Sotra ligg på 5. plass, Os på 2. plass. Gjestane leia heile førsteomgang i dag og leia også nokre minutt av siste del av andreomgangen.
Os - Sotra: 23-22 (10-11)
Det blei ein spennande og underhaldande kamp der Os snudde kampen to gongar.
– Dette var ein fantastisk lagsiger. I dag imponerte jentene, synes Erlend, på veg på julebord med laget.
Låg under i 31. minutt
Os låg under 0-3, 2-6 og 7-10 i førsteomgang.
På det beste låg heimelaget eitt mål bak på stillinga 6-7 etter halvspelt omgang.
Så, i 2. omgang, blei det ei kjapp utlikning til 11-11 frå 7-metersmerket, 12-11 ved Elise Hjelle og 13-11 ved Madeleine Hjertnes.
Avgjorde i siste speleminutt
Sotra mista ikkje motet av heimelaget sin snuoperasjon og heldt seg 1-2 mål bak tabelltoaren Os. Dei første 4 minutta av omgangen blei det skåra 7 mål.
Vibeke Ingebrigtsen sto ein veldig god andreomgang i mål. Eva Kristiansen skuffa heller ikkje då ho kom innpå mot slutten, Eva hadde to viktige redningar i dei siste avgjerande minutta.
Fire minutt før slutt leia Os 22-20. Eitt minutt seinare sto det 22-22.
Etter nokre mislykka angrep begge vegar fekk Os kjøra kontra. Ein lang ball til Madeleine på venstre ving gjekk vidare til Line Borsholm, som kom på løp og sikkert sette inn kampens siste mål, 23-22-skåringa til Os.
Os sin neste heimekamp er laurdag 11. februar (kl 16) mot Stord.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no