Næringsliv | 04. apr. 2017

No blir det liv hos Drageset

Partyhuset Lilleballong flyttar frå Byvegen til Drageset i sentrum. – Vi trur vi kan vera med å tilføra noko ekstra til sentrum, seier Henning Heimdal.

No blir det liv hos Drageset
Henning Heimdal i det som blir dei nye lokala til Lilleballong i 2. høgda i Drageset-bygget (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 04. apr. 2017 11:40

Bildeserie:

No skal det igjen bli lys i vindauga i 2. høgda på Drageset-bygget (foto: Andris Hamre)
No skal det igjen bli lys i vindauga i 2. høgda på Drageset-bygget (foto: Andris Hamre)
Når Partyhuset Lillebalong flyttar inn rett over påske (foto: Andris Hamre)
Når Partyhuset Lillebalong flyttar inn rett over påske (foto: Andris Hamre)
145 kvadratmeter på eitt plan får Lilleballong i den nye butikken (foto: Andris Hamre)
145 kvadratmeter på eitt plan får Lilleballong i den nye butikken (foto: Andris Hamre)
Store vindaugsflater for å presentera varene er ein av fordelane med det nye lokalet (foto: Andris Hamre)
Store vindaugsflater for å presentera varene er ein av fordelane med det nye lokalet (foto: Andris Hamre)
1 av 4

I 2014 starta Henning Heimdal og kona Olaug Gjelsvik Partyhuset Lilleballong. Planen den gong var å starta i ledige lokaler på Osøyro, men slik gjekk det ikkje. I staden blei butikken opna i Elvebakken rett nedanfor Rema 1000 langs Byvegen.

– Vi har hatt det bra der og hatt ein særs velvillig huseigar. Hadde det ikkje vore for han, så er eg ikkje sikker på om vi hadde eksistert i dag.

– Samstundes så har vi følt litt på at vi har lagt litt i "ingenmannsland" midt mellom Os sentrum og senteret på Flåten. Det blei ikkje slik at folk berre stoppa for å stikke innom. Det håper eg i større grad vil skje her nede, fortel Henning Heimdal.

Har jakta sidan november

Draumen om å finna eit lokale i Os sentrum har lagt der frå 2014.

– I fjor gjekk vi med overskot og mars 2017 er den beste månaden vi nokon gong har hatt, så no følte vi det var rett tid å ta skrittet.

– Frå i november har vi vore på utkikk etter lokale i sentrum og vore i kontakt med fleire, men det var først då vi kontakta eigarane av Drageset-bygget det skaut fart. Her får vi 145 kvadratmeter i andre høgda der det gamle glassmagasinet låg. Døra opp til andre etasjen skal opnast opp att og vi får felles inngang med Jokerbutikken, nett som det var i gamle dagar.

– I tillegg har huseigar signalisert at dei vil opna opp for fleire leigetakarar i same etasjen som oss, så dette kan bli veldig bra.

Meir synlege i sentrum

I tillegg til sjølve butikklokalet får dei store vindaugsflater ut mot rådhuset både i andre høgda og nede på bakkeplan.

– Det gler vi oss veldig til. Spesielt Olaug gler seg til å kunne få visa fram alt det morosame og spennande ein kan gjera med ballongar og kva vi ellers har å by på.

– Vi håper at vi kan vera med å tilføra noko ekstra til sentrum og at sentrum kan tilføra noko til oss. Vi hadde lyst til å vera med i det fellesskapet som er på Osøyro, fortel Heimdal.

Hektisk påske

I det tomme butikklokalet ligg det berre nokre lekter på gulvet for å illustrera kor hyller og reoler skal koma.

– Planen er å vera i hus her rett over påske, så no blir det ei hektisk periode med bygging og flytting av reolar, varer og utstyr. Vi kjem til å stenga partyavdelinga oppe i Byvegen no til helga. Resten av butikken blir open til onsdag i påskeveka, så er det å få alt ned her i løpet av påska.

– Sjølv om det blir travelt no, så gler vi oss. Det skal bli veldig kjekt å få alt på eitt plan og betre plass til å visa fram det vi har å by på, avsluttar Heimdal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.