Næringsliv | 27. feb. 2015

No blir det liv i Legangerhjørnet

Nordisk Rom utvidar. – Det har vore draumelokalet heilt frå eg starta opp, fortel Katrine Brattfjell Heggland.

No blir det liv i Legangerhjørnet
Katrine Brattfjell Heggland flyttar Nordisk rom frå Brugata til Legangerhjørnet i løpet av mai (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 27. feb. 2015 09:48

Bildeserie:

Legangerhjørnet har stått tom sidan Gjensidige flytta ut (foto: Andris Hamre)
Legangerhjørnet har stått tom sidan Gjensidige flytta ut (foto: Andris Hamre)
1 av 1
Legangerhjørnet har stått tom sidan Gjensidige flytta ut (foto: Andris Hamre)

Hausten 2011 starta Katrine Brattfjell Heggland interiørbutikken Nordisk rom i Brugata ved sidan av DNB. Etter tre og eit halvt år tek ho no steget vidare og flyttar i større lokale på Legangerhjørnet.

– Eg treng større plass og har alltid følt eg har lagt litt bortgøymt. Legangerhjørnet har vore draumelokalet frå før eg starta opp for meg sjølv, men det var ikkje rette plassen å starta.

– Men no er det det, og eg gler med til å flytta bort der i slutten av mai, fortel Brattfjell Heggland, som har halde kontakten med JOA-gruppen som eig lokalet heilt sidan dei overtok det i fjor sommar.

Inn med møblar

Med større plass kan Brattfjell Heggland også ta inn nye varegrupper.

– Fleire av leverandørane mine sel også møbler.

– No når eg får dobbelt så stor boltreplass, så kjem eg til å utvida også vareutvalet, fortel gründeren.

Jamn vekst

Brattfjell Heggland har trua på å flytta butikken vil vera med på å gje verksemda endå betre vekst.

– Det har gått jamnt framover med auka omsetnad kvart år frå eg starta.

– Når eg no får eit flott lokale, med betre plassering og eksponering, så trur eg veksten kjem til å halda fram.

– Eg ser at det er dette folk vil ha og at produkta er ettertrakta, smiler Brattfjell Heggland, som er trygg på at ho no gjer det rette.

Litt spent på graving

Litt spent er ho rett nok på korleis det blir når kommunen i løpet av våren byrjar med å rusta opp «bydraget».

– Det er klart at det kan bli ei utfordring, men eg er trygg på at kommunen kjem til å gjera det så skånsomt som mogleg for oss som driv butikk i sentrum.

– Eg er òg glad for at brødrene Aspenes, som eg no leiger av, har kjøpt seg opp i sentrum.

– Då eg fortalte dei om planane var responsen fantastisk.

– «Dette er heilt rett å gjera Katrine», sa huseigar Knut Jarle til meg med då eg fortalte at eg ville seia opp leigeavtalen i bankbygget.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.