Lokal | 25. mai 2017

No blir det over 20 gradar

Knallmeldingar for fredag og laurdag!

No blir det over 20 gradar
Stupebrettet i Mobergsvikjo pinsen i fjor. No ligg siste helga i mai an til å bli like fin. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. mai 2017 20:34

Maihelgene held fram med fint vêr, denne siste helga i mai med over 20 varmegradar!

Etter ein grå himmelsprett med yr gjennom heile dagen, skal det letta på morgonen fredag.

Rundt lunsj skal skyene byrja å forsvinna, og det er meldt lettskya til skyfri himmel fredag ettermiddag og kveld.

Yr melder 18 gradar, Storm melder 16.

Vindstyrken skal halda seg frå 1 til 3 m/s.

Varmare laurdag

Finvêret varer til og med laurdag.

Vinden skal halda seg roleg, på 2-3 m/s, temperaturen skal auka.

Yr melder 21 gradar, Storm melder 18.

Begge melder regn mesteparten av søndagen.

Det ligg med andre ord an til å bli eit heitt løp rundt Ulvenvatnet laurdag, og eit vått løp til Linken søndag.

Det blir òg ein grå start på mandagen, men det skal letta på ettermiddagen og halda seg lettskya til torsdag formiddag.

Sjå detaljer vêrmelding for Osøyro på Pent.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.