Lokal | 25. nov. 2015

No blir Ulvenvegen stengd

Frå måndag blir fv 160 Ulvenvegen stengd i vel to år. Omkøyring blir via Industrivegen.

No blir Ulvenvegen stengd
Ulvenvegen blir stengd frå måndag av (foto: KVB)
Andris Hamreonsdag 25. nov. 2015 07:44

Opprinneleg var planen at fylkesveg 160 Ulvenvegen frå krysset ved Industrivegen til rundkøyringa på E-39 skulle bli stengd i byrjinga av månaden, men dette blei utsett.

Årsaka til utsettinga var at bygginga av ny busslomme på den kommunale vegen i Kolskogen tok lengre tid enn venta.

I ein nærinfo frå Statens Vegvesen opplyser dei at Ulvenvegen blir stengd frå måndag 30. november og ut 2017.

– Det blir omkøyring for lokaltrafikken på kommunevegane Kolskogheiane og Industrivegen i den perioden Ulvenvegen er stengt, heiter det i informasjonsskrivet.

Masseutskifting og nedtapping

Grunnen til at ein må stenga Ulvenvegen er utbygginga av ny E39 Svegatjørn - Rådal som vil komma på tvers av dagens Ulvenvegen.

– Dette er ein viktig grunn til at Ulvenvegen blir stengt i anleggsperioden. Dessutan skal massane i vegkroppen på dagens fylkesveg skiftast ut med nye massar. Veglina skal rettast opp i høve til dagens veg. Det blir dessutan bygd gang- og sykkelveg langs den nye Ulvenvegen.

I starten av arbeidet skal også Svegatjørn gradvis tappast ned før ein fjernar slam og lausmassar. Stein frå drivinga av Skogafjellstunellen skal så nyttast til å fylla ut Svegatjørn.

Statens Vegvesen reknar med at det tidvis vil bli kø i Kolskogheiane og Industrivegen då lokaltrafikken på Ulvenvegen i dag er relativt stor.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.