Lokal | 24. aug. 2016

No er denne bestilt

Den første av dei fire bølgedemparane som skal skjerma Os hamn er sett i produksjon. Planlagt montering er i november.

No er denne bestilt
Ein fullskala versjon på 50 meters lengde av bølgedemparen er no i produksjon på eit verft i Estland (foto frå testrapporten)
Andris Hamreonsdag 24. aug. 2016 12:04

Etter fleire anbodsrunder reiste prosjektsjef Tor Inge Døsen i juli til Tallin i Estland for ei siste kvalitetssikring av den moglege produsenten.

– Den første av bølgedemparane er no satt i produksjon på veftet i Tallin, fortel Døsen.

Kjem i starten av november

Den 50 meter lange bølgedemparen skal leverast på Os i første halvdel av november.

– Då blir den montert utanfor Os hamn. Det har tatt litt tid dette. Det skuldast at det har tatt tid å utvikla den. No konsentrerar vi oss om fortøyinga av den. Det skal skje etter alle kunstens reglar. Det blir ikkje som det forrige forsøket, forsikrar Døsen.

Ein del av grunnen til at arbeidet har tatt tid var ønskje om å testa ein prototype på førehand. Den testen gav tilfredsstillande svar.

Totalt skal hamna skjermast av fire bølgedemparane om den første fungerar slik som ein både trur og føreset. Kvar av dei fire bølgedemparane er:

  • 50 meter lange
  • 1,5 meter brei
  • Stikk 3,36 meter djupt
  • Veg 75 tonn

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.