Lokal | 13. apr. 2018

No er faren stor

– Det skal ekstremt lite til før årsgamalt gras tar fyr, åtvarar brannsjef Stein Gjøsund.

No er faren stor
Det skal veldig lite til før det årsgamle graset tek fyr (arkivfoto: Varde)
Andris Hamrefredag 13. apr. 2018 13:35

I løpet av fredagen har det "ramla inn" meldingar om grasbranner rundt i Hordaland og Sogn og Fjordane.

– Eg høyrde nettopp at dei har kalt ut mannskaper frå tre stasjoner på ein brann i terrenget i Kvinnherad. Det er all mogleg grunn til å vera særs varsom om dagen, seier brannsjef Stein Gjøsund ved Os brann- og redningsvesen.

Utruleg tørt

Gjøsund fortel at det er graset frå i fjor som er den store utfordringa på våren.

– Det er det årsgamle tørre graset som er utfodringa. Det skal ekstremt lite til før dette tek fyr, ei lita gnist kan vera no. Dette blir ikkje betre får årets gras har byrja å gro og markene blir grøne.

– Med litt trekk i luften er det lite som skal til og ei gnist kan fort fly både tredve og femti meter. Då får du fort problem om det tek fyr oppe i lia.

Vil ikkje legga ned forbod

Brannsjefen fortel at dei er atterhaldne med å nytte seg av lovparagrafen som gir brannvesenet moglegheiten til å legga ned totalforbod mot bruk av open eld.

– Vi er ikkje der enno. Skal vi eventuelt gjera det, så vil vi samkøyre oss med Bergen Brannvesen slik at det blir likt i fleire kommunar.

– I staden vil vi på det sterkaste oppmoda folk om å vera aktsomme og ikkje minst gjera ei skikkeleg risikovurdering før dei gjer opp bål.

Fleire har ringt

Mange har ein tradisjon for å svi av gamalt gras gjennom å driva bråtebrenning.

– Vi har hatt fleire telefonar på dette i dag. Då har vi sagt at vi ikkje legg ned forbod mot det, men loven krev at dei som skal gjera det skal gjera ei skikkeleg risikovurdering og at dei skal sørgje for å ha ein god nok beredskap. Med andre ord at dei må ha rikeleg med sløkkemiddel tilgjengeleg. Fleire av dei som har ringt har då konkludert med at dei vil la vera.

– Vi fekk melding om ein mogleg grasbrann tidlegare i dag frå ein som hadde passert i bil, men der viste det seg at det var ein som nettopp dreiv med bråtebrenning og som hadde gjort det loven krevde både med å varsla oss på førehand, gjera ei risikovurdering og ved å ha sløkkemiddel tilgjengeleg.

Har gått over utstyret

Brannsjefen håper på ei roleg helg, men fortel at dei er klare og i beredskap.

– Vi har gått over utstyret på bilane med tanke på nettopp denne type brannar. Vi har ikkje kalt inn ekstra mannskaper, men dei som er på vakt har litt ekstra fokus på det om dagen, avslutter Gjøsund før viser til Bergen brannvesen sine gode råd for bålbrenning.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.