Lokal | 06. des. 2017

No kan du få øl levert heim

Kommunen godkjente søknad frå MENY Lagunen om nettbutikk med heimlevering i Os.

No kan du få øl levert heim
Formannskapet godkjente tysdag søkanden om salsløyve for MENY Lagunen nettbutikk med levering i Os kommune (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 06. des. 2017 08:31

I formannskapet tysdag godkjente politikarane søknaden om salsløyve - levering i Os kommune frå MENY Lagunen, netthandel.

– Det er eit litt nytt tilbod og innstillinga er at den innvilges, slik at vi får Meny Lagunen og netthandel med levering i Os kommune, innleia ordførar Marie Bruarøy (H).

Partikolllega Ståle Skaatun (H) delte synspunktet.

– Eg ser jo at vi handsamar ein ny type daglegvarebutikk i Os. Eg trur dette kjem for fullt, vi må berre innstille oss på at daglegvare på netthandel er framtida. Detter er eg positiv til.

Auka tilgang gir auka bruk

Siren Tømmerbakke (Sp) var ikkje like positiv som dei to frå høgre.

– Ja, det er noko nytt, men eg har motsett haldning. Detter ikkje noko vi må innstille oss på. Vi har allereie god tilgang på alkohol, med eit sentralt plassert pol. Eg hadde nok tenkt annerleis om vi var i ein utkant i indre troms.

– VI har også nett handsama budsjettet. Då tykkjer eg vi skal sjå litt på kva det kostar. Auka tilgjenge gir auka bruk, noko som igjen kan føre til misbruk. Det igjen slår inn på budsjetta våre. I tillegg nærmar vi oss jula og eg tenkjer på dei barna som får jula øydelagt fordi foreldra ikkje har eit avklara forhold til alkohol. Eg vil stemme i mot, sa Tømmerbakke.

Korleis er kontrollen

Helge Steinum (Ap) var positiv til søknaden, men lurte på korleis kontrollen vil gå føre seg.

– Kan ein 18-åring som har heime aleine fest bestilla og ta i mot på døra. Korleis er kontrollrutinane på dette, undra Steinum.

– Det ligg ein ganske utfyllande rutine i saka som beskriv prosedyrene for utlevering. Så er det den ordinære skjenkekontrollen som får ansvaret for å følgje det opp mot butikkane. Dei rutinene skjenkekontrollen har må gjelda, svara rådmann Christian F. Fotland før formannskapet mot Sp si eine stemme godkjente søknaden.

I vilkåret for godkjenninga står mellom anna:

For kvar alkoholbestilling som har blitt utlevert ved hjemlevering, skal løyvehaver kunne dokumentera følgjande:

  • Bestillars namn, alder og adresse
  • Mottakars namn, alder og kontrollnummer på det id-kort som denne personen har forevist. Alkohol kan kun utleveres til personar som kan fremvise eige id-kort.
  • Tidspunktet for utlevering av alkoholhaldig drikk i gruppe 1
  • I tillegg må det være et punkt der bevillingshavers representant skal krysse av for om mottakar er åpenbart påvirket ved overlevering eller ikkje.

Mottakskvitteringar skal være tilgjengelig for kontrollmyndighetene i minst 12 månedar. Det stilles ikkje formkrav til mottakskvitteringane annet enn at det skal være skriftlig og etterprøvbart, så dei kan vere elektroniske så vel som i papirform.

I rutinen som låg ved søknaden kjem det fram at om mottaker er synleg berusa, så skal varer som inneheld alkohol takast med tilbake til butikken. Dette gjeld også om ingen er heime når transportøren forsøker å levera varene.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.