Lokal | 10. jan. 2017

No kan du få PT-time frå BIR

Er du av dei med nyttårsforsett om ein slankare livsstil. No tilbyr BIR PT-timer. – Det er ikkje for å slanka deg, men restavfallet ditt, fortel Tina Skudal.

No kan du få PT-time frå BIR
Sorterer du ut papir, papp, glass og metall frå restavfallet kan det vera mykje å spara, både for miljøet og lommeboka (ill.foto: BIR)
Andris Hamretirsdag 10. jan. 2017 09:57

I heile januar og februar kan 100 kundar av BIR få sin personlege trenar i kildesortering.

– Vi har framleis ledige timar, så det er berre for osingane å kontakta kundesenteret vårt på bir@bir.no eller 815 33 030, så kjem vi på heimebesøk, fortel Tina Skudal, kommunikasjonsrådgjevar i BIR.

Mykje å spare

God kildesortering sparer ikkje berre miljøet, men også lommeboka di.

– Vi var ute hos ein familie på fem barn og to vaksne i går. Dei har gått frå å levera restavfallet 50 ganger i 2015 til 15 ganger i 2016. Det betyr at dei i fjor berre betalte for tre ekstra tømminger siden 12 tømmingar allereie er inkludert i bossavgifta. Er du god på å sortera avfallet, så sparer du rett og slett penger i tillegg til miljøet, seier Skudal.

Handler om å legga tilrette

Skudal fortel at dei på PT-timane mellom anna har med seg ein oppvaskbørste, sekker til plastemballasje, spann til å kildesortera i, handlenett og ulikt informasjonsmateriell.

– Det å kildesortera er inga magi, det handlar vel så mykje om å leggje tilrette. Tildømes å ha ein boks som ein kan legga glass- og metallemballasje i, eller ein til å legga lyspærer og batteri i, under kjøkkenbenken. Det er jo på kjøkenet vi produserar det meste av bosset, så difor er det viktig å kunna sortera det der.

– Visste du forresten at aluminiumsformer og -folie er ein av dei tinga som har best miljørekneskap om ein sorterar det. Sorterer du ut formene som leverposteien eller kattematen eller folien du har brukt når du stekte kjøtet på grillen, så treng ein berre 5% av energien for å laga nye former, samanlikna med om ein skal starte med nye råstoffer. Ikkje treng dei vera gullande reine heller, for matrestane blir brent av når dei blir gjenvunnen, forklarar Skudal.

Mykje kvikksølv i nye lyspærer

Kommunikasjonsrådgjevaren fortel at mykje av det du ikkje kan levera til bossbilen, kan du levera gratis på gjenvinningsstasjonen i Kolskogen.

– Farleg avfall, som sprayboksar, batteri, maling, lausemiddel og trykkimpregnerte materialer kan du levera gratis. Det same gjeld alt av elektrisk utstyr. Spesielt interessert er vi i at også småartiklar som telefonar, elektriske tannbørstar og hårfønarar blir levert inn i staden for å gå i restavfallet.

– Ein annan ting som ikkje bør i restavfallet er sparelyspærene. Dei innheld nemleg masse kvikksølv, i tillegg til metaller og ulike stoffer i sjølve glasset. Så desse bør ein samla i ein eigen boks, saman med tildømes batterier og levera direkte i Kolskogen, avsluttar Tina Skurdal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.