Prosjektleiar Aldona Petkeviciene og stasjonsleiar for BIR Fredrik Egenæs med det nye mottaket for brunsnegler i Kolskogen (foto: Tina Skudal, BIR)

No kan du levera brunsneglar på BIR

Treng 150 kilo til forsøksprosjekt.

Av: Andris Hamre

I desember 2015 fortalde Midtsiden om Aldona Petkeviciene som ville laga dyrefôr av brunsnegler.

Etter det har prosjektet rulla vidare og ho har no som mål å samla inn 150 kilo brunsneglar som skal kokast, tørkast og bli til dyrefôr.

– Dei har foreløpig fått inn omlag 10 kilo, så det er eit stykke igjen. Difor er det viktig at osingane no tek eit tak og plukker snegler før dei går i dvale for vinteren, seier Tina Skudal, kommunikasjonsrådgjevar i BIR.

Vinn-vinn-vinn

For å hjelpa til med innsamlinga tek no gjenvinningsstasjonen til BIR i Kolskogen imot brunsnegler som folk samler inn.

– Du veit, dette er meir enn eit vinn-vinn-prosjekt. Det er eit vinn-vinn-vinn-prosjekt. Du blir kvitt sneglene utan å kjøpe dyre miljøgifter, klippe dei i to eller bruke den ekle bøtta med saltlake. Sneglene kjem til god nytte som proteinrik mat for dyr. I første omgang skal det testes om sneglemel kan blandast inn i fiskefôr. Og ikkje minst brunsneglebestanden blir redusert. Ein snegle kan fort legga 1000 egg. Difor er det viktig å få tatt vekk flest mogleg av dei ivrige hage-terroristane, seier Skudal.

Eige sneglemottak

Frå i dag av kan du levera brunsneglene du plukker til BIR.

– Vi vurderer om vi skal byrje å ta brunsnegler i inngangsbillett til gjenvinningsstasjonen, ler kommunikasjonsrådgjevaren før ho legg til at prisene for å levera anna type boss vil vera dei same som før, men at brunsneglene kan leverast gratis.

– I dag har miljøentusiastane bak prosjektet fått satt ut ei mottakskasse inne på gjenvinningsstasjonen. Den står under tak rett til venstre når du kjem inn på området. Her er det berre å levera sneglene når vi har ope.

– Kunden kan samla dei i ein isboks eller tilsvarande. Laga nokre små hol i lokket så dei får luft og lever heile boksen på stasjonen. Du treng ikkje ta sneglene ut av boksen.

– Dette er eit unikt prosjekt i Noreg og veldig spennande å få vera med på, avsluttar Tina Skudal.