Sport | 13. des. 2014

No kan du støtta Sverre

Skøyteforbundet startar «folkeaksjon» for å få råd til å sende Sverre Lunde Pedersen og dei andre på verdscupløp etter jul.

No kan du støtta Sverre
Sverre Lunde Pedersen og resten av skøytelandslaget treng di hjelp (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 13. des. 2014 08:32

Den økonomiske ståa i Noregs Skøyteforbund er kritisk og såpass trang at dei risikerer å ikkje ha råd til å sende Sverre Lunde Pedersen og dei andre skøyteløparane til verdscupløp.

Difor har dei, etter oppmoding frå skøytefans over heile landet, starta folkeaksjonen «Skøytenorge».

– Vi har sidan mai gjort betydelege innsparingar på grunn av manglande sponsorinntekter.

– Antal årsverk i administrasjon er kutta og einkvar reise og opphald er gjort så rimeleg som mogleg, utan at det har gått utover den sportslege satsinga så langt, fortel generalsekretær i skøyteforbundet, Halvor Lauvstad.

Utan surmulig

Lauvstad fortel at løparane, trenerteamet og støtteapparatet har håndtert situasjonen utan noko form for sutring eller surmulig.

– Dei har opptrådt forbilledleg og klart å skape toppresultater på tross av trange økonomiske kår.

– Når vi rundar nyttår, er imidlertid behovet for friske midlar prekært for å sikra at løparane som representerer Noreg får trent og konkurrert på linje med dei andre i verdstoppen.

Uavkorta til løparane

Aksjonen, kor du kan vera med å sponsa løparane, materialiserar seg med at Skøytenoreg blir trykt på draktene før verdscupløpet på Hamar 31. januar og 1. februar.

– Uansett beløp blir du då ein av sponsorane våre, fortel Lauvstad som gjev følgjande garantier:

  • Alle midla som kjem inn frå aksjonen, skal uavkorta nyttast på utøvarane slik at dei får trene og konkurrere på høgde med dei beste i verda.
  • Alle som bidreg med kr. 2000,- eller meir, vil få gratisbilletter til verdenscupen på Hamar.
  • Eitkvart bidrag, uansett størrelse, blir mottatt med stor takksemd fra løparar og leiing.

– Vi skal gjera alt som står i vår makt for å skapa store idrettsaugeblikk på skeisebaner rundt om i verda og gjera sponsorar og tilhengarar stolte, avsluttar Lauvstad.

Sverre og dei andre løparane går denne helga verdscupløp i Heerenveen, kor dei fredag tok tredje plassen på lagkonkurransen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.