Lokal | 28. juni 2017

No kan du velja sjølv!

Lesarinnlegg: Alle pasientar som har rett til rehabilitering, kan no frå 1.juli velja fritt mellom offentlige og private rehabiliteringsinstitusjonar som har avtale med regionale helseforetak.

No kan du velja sjølv!
Laila Reiertsen er glad for at alle pasientar med rett til rehabilitering no sjølv kan velgje rehabiliteringsinstitusjon (foto: AH)
Andris Hamreonsdag 28. juni 2017 06:19

Regjeringa fortsetter med dette å styrker pasientanes rettigheiter og valfridom. Retten til å velja kva for ein institusjon ein ønskjer å få rehabilitering på, bidreg til ein betre utnytting av ressursar og kortare ventetid.

Sant skal seiast, dette er allereie på plass nokre stader i landet. Men den nye endringa inneberer at alle pasientar no får denne rettigheita, uansett kor ein bur.

Helsetenesta gjev menneske mogelegheit til å meistra livet og samstundes væra i aktivitet etter avslutta behandling. Det at pasientar no fritt kan velja rehabilitering, gjev fleire mogelegheit til å komma raskare attende i eige liv, samfunnsliv og arbeidsliv.

Laila Reiertsen (FrP)
For tida Ordførar i Os kommune

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.