E39 Skogafjellstunnellen februar 2017

– No ska' da smella om to minutt!

E39: Høyr drønnet og sjå ordføraren skvetta til då avgjerande salve blei fyrt av i Skogafjellstunnelen i dag.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Ørjan Håland

I dag fekk ordførar Marie Lunde Bruarøy (H) gje ordre om siste salve i vestre løp (retning Os) av Skogafjellstunnelen (1,5 km).

Det er no gjennomslag i fjellet, det første i prosjektet E39 Svegatjørn-Rådal, noko som blei markert med kake, kaffi, sprudlevatn og fleire inviterte gjestar.

Gjestane fekk seg ein tur inn i fjellet for å høyra talar og sjå steinrøysa frå siste salve.

– Gjennomslaget skulle kome for nokre veker sidan, men det har vore ein del vatn i tunellen og hol å tetta. Nokre veker har likevel lite å seia i dette prosjektet, som skal vara til 2022, sa prosjektleiar Sverre Ottesen frå Statens vegvesen.

• I morgon er det akkurat eitt år sidan første salve. Her kan du sjå video av salven 23. februar 2016.

Tunellen svingar så mykje at du ikkje såg opning i nokre av endane. Løpet i retning Bergen er det cirka 300 meter igjen å driva.

Om eit par veker blir tunellen anleggsveg frå Svegatjørn til Endelausmarka, og dagens anleggsveg frå Åsen (Lyseklostervegen) skal ryddast heilt vekk. Den nye fylkesvegen mellom Endelausmarka og Åsen, som skal vidare til Drange, skal gjerast ferdig i år, men ikkje brukast før ny E39 er ferdig.

Midtsiden samleside: Alle sakene våre om E39 Svegatjørn-Rådal