Kultur | 20. apr. 2014

No skal det byggast Kloster-møblar

Alm-trea som blei felt på Lyse Kloster i fjor er no skorne. – Det blir ein eigen Kloster-serie av desse fine emna, seier Jarl Haug frå Vestlandske Heiltremøblar.

No skal det byggast Kloster-møblar
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 20. apr. 2014 08:13

Bildeserie:

11. februar i fjor gjekk almen ved Lyse kloster i bakken. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
11. februar i fjor gjekk almen ved Lyse kloster i bakken. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
No er almen skoren og noko av det er lagt inn til tørk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
No er almen skoren og noko av det er lagt inn til tørk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Emnet med denne bolten i vil eg ta vare på til noko spesielt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Emnet med denne bolten i vil eg ta vare på til noko spesielt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Veggseksjon produsert i alm. – Du finn ikkje tre med finare farge.  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Veggseksjon produsert i alm. – Du finn ikkje tre med finare farge. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Inger Skaar har jobba hos Jarl i over 16 år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Inger Skaar har jobba hos Jarl i over 16 år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
I bygget på Søfteland er det både produksjon og ein stor butikk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
I bygget på Søfteland er det både produksjon og ein stor butikk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Utvalet spenner frå baderomsmøblar ... (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Utvalet spenner frå baderomsmøblar ... (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
... til lampar, ull og skinnfeller. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
... til lampar, ull og skinnfeller. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 8

I februar 2013 blei 10 amltre felt ved Lyse kloster-ruinane. Trea var gamle og til fare for både ruinar, bilar og folk.

Les òg: Kloster-alm i bakken

Trestammene var kjøpt av Vestlandske Heiltremøblar, i alt nærmare 20 kubikk, og er nyleg skorne.

– Det er fleire årsaker til at alm gjev gode emne til møbelproduksjon, seier innehavar Jarl Haug.

Til våpen og ski

Alm blei tidlegare brukt til blant anna tau, økseskaft, slede og til kjerrehjul til artillerivogner.

– Frå gamalt av heitte det også at dei som døydde då dei sto på ski av alm ikkje blei gravlagt i vigsla jord, fordi skia var så raske at folk gjekk som om dei hadde Fanden i hælane. Det blei sett på som ekstremsport å gå på almeski, og nærmast sjølvforskyldt om det gjekk gale, fortel Haug.

– Alm har vore truga og bestanden i Europa og USA blei kraftig redusert av sjukdom. Alm er vanskeleg å få tak i. Det er først og fremst den fine fargen som gjer alm til godt møbelemne.

Lager eigen Kloster-serie

Når Jarl no har fått tak i 20 kubikk med alm, frå ei så spennande tomt, vil han gjera litt ekstra ut av det.

– All almen frå Lyse kloster skal gå til ein eigen serie med møblar, frå spisebord til barskap. Alm er eigentleg for fint til å laga utemøblar av, spør du meg, men folk kan bestilla det dei vil og Kloster-serien kan også bli laga på mål, anten det er baderomsmøblar eller ein veggseksjon.

– Eg vil også få produsert nokre små merke som fortel kort om klosteret og om alm, som eg kan montera på møblane.

Framskynda produksjon

Emna er skorne og var ifølgje Haug betre enn venta, men med litt spiker nedst på nokre av stammene.

– Opp gjennom åra har det nok vore ein del skilt og liknande festa på enkelte av trea. Det var ikkje så gale, men ein tjukk bolt er trefte på midt i det eine emnet tok knekken på eit nytt og godt sagblad.

Når almen er nede i åtte prosent er Jarl nøgd. Spennet forsvinn og treverket blir stabilt.

No ligg emna til tørk, men nokre av dei er tatt inn for å koma raskare ned i ønskt fuktgrad.

– Vi gler oss sånn til å starta på Kloster-serien at vi har tatt noko inn til tørk for å starta produksjonen på seinsommaren.

14 år på fulltid

Haug har produsert heiltremøblar i mange år, men frå 1998 i eige bygg på Søfteland og frå 2000 på fulltid.

– Eg sa opp ein god jobb i Nordsjøen. Sjølv om møbelbransjen er tøff har eg aldri angra.

Jarl har blant anna bygd seg hytte på Mjølfjell, der både kledning og møblar eg laga av tre felt på hyttetomta før bygging.

– Med handlaga heiltremøblar kan vi ta litt høgare pris enn serieproduserte kjedevarer, men det er framleis langt frå det vi burde tatt når vi ser tida som går med til kvart møbel.

– Eg har vore heldig som har hatt med meg ei så effektiv og fagleg dyktig dame som Inger Skaar. Inger har jobba hos meg i over 16 år.

Trend og tradisjon

I produksjonslokalet ved fotballbanen på Søfteland har Jarl også plass til ein stor butikk.

Utstillinga av eigenproduserte varer er lett supplert med lampar, ull, ulltøflar, måleri og utstappa dyr.

– Vi har også tatt inn nokre småmøblar frå andre produsentar, som desse, frå ein importør som gjekk konkurs, fortel Jarl, og viser ein serie møblar produsert av thailandsk teak gjenbrukt i møbelsproduksjon.

Sjølv om handlaga inne– og utemøblar i heiltre i stor grad har tradisjonelt preg med design best tilpassa hytter, er det både variert utforming, materialbruk og fargebruk også hos Haug.

– Frå naturleg farge til kvitt eller heilt svart, eller til kombinasjon mellom tre og metall eller tre og glas. Trendene endrar seg og vi jobbar også med å fornya oss frå sesong til sesong, seier Jarl, som for tida er mest opptatt av å koma i gang med almen felt i Lysefjorden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.