Kultur | 22. feb. 2015

– No står kjøkkenet for tur

Stova til Mjelva skapte sesongrekord på TV2, og practical jokes i heimen. No vil gutane frå Søfteland pussa opp kjøkkenet.

– No står kjøkkenet for tur
Bjørn og yngstemann Erik er strålande nøgd med den nye stova. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 22. feb. 2015 08:00

Bildeserie:

Sånn sg det ut før Tid for hjem sette i gang. (Foto: TV2)
Sånn sg det ut før Tid for hjem sette i gang. (Foto: TV2)
Bordet Bjørn har bygd fekk nytt understell og ein oransje kant. (Foto: KVB)
Bordet Bjørn har bygd fekk nytt understell og ein oransje kant. (Foto: KVB)
På reprisen på TV2 i kveld kan du sjå korleis denne lampen blei laga. (Foto: KVB)
På reprisen på TV2 i kveld kan du sjå korleis denne lampen blei laga. (Foto: KVB)
No vil Bjørn bygga nytt kjøkken. Han har tidlegare laga denne fotball-kinoen. (Foto: KVB)
No vil Bjørn bygga nytt kjøkken. Han har tidlegare laga denne fotball-kinoen. (Foto: KVB)
1 av 4
Sånn sg det ut før Tid for hjem sette i gang. (Foto: TV2)
Bordet Bjørn har bygd fekk nytt understell og ein oransje kant. (Foto: KVB)
På reprisen på TV2 i kveld kan du sjå korleis denne lampen blei laga. (Foto: KVB)
No vil Bjørn bygga nytt kjøkken. Han har tidlegare laga denne fotball-kinoen. (Foto: KVB)

Tidlegare denne veka kunne fortalte Bjørn Mjelva at Tid for hjem-gjengen har pussa opp stova hans, tysdag fekk vi sjå resultatet på TV2.

– Det var stinn brakke her heime under sendinga, fortel Bjørn, som saman med dei tre sonane er veldig nøgd med jobben dei sjarmerande handverkarane gjorde.

Sendinga blei sett av 485.000. Siste del blei sett av heile 574.000 tv-sjåarar, noko som er sesongrekord for det populære programmet.

Vegg framfor 75-tommaren

Sjølv måtte han stå utanfor huset mens sonane slapp først inn for å sjå kor mykje stova hadde endra seg etter fire dagar jobbing. Då han endeleg fekk koma inn blei han rørt av synet.

–Det første eg la merke til var golvet og muren på pipa, det likte eg veldig godt. Så såg eg den originale lysveggen som du kan senka ned framfor TV-en, og hadde problem med å forstå kva det var for noko.

– Men veggen skal få henga, det er jo ingen andre som har ein sånn. Den har også vore i bruk, påstår den fotballfrelste familiefaren.

Men stort sett er siktlinja til den 75 tommar store TV-en open og god.

Trilla vekk midt i middagsluren

Mjelva-familien blei kvitt furupreg og kvist, med gråfarga ytterpanel (!) opp veggane og i heile taket, og eit røft og varmt golv.

Detaljar som oransje kant rundt villmarksbordet Bjørn sjølv har laga, stålunderstell på det same bordet, taklampe av botnlause tomflasker og bøtter med blomar som kan heisast og seinkast for vatning, er blant det den nye stova fekk av Kjersti Bergesen og co.

– Det einaste vi har skifta ut er sofaen, og det er rett og slett av praktiske årsaker.

Ikkje berre er ville Mjelva og sonane ha litt større sofa å slenga seg på, Bjørn blei utsett for practical jokes mens han kvilte middag.

Henrik, som meldte faren på Tid for hjem, tok like greit å trilla heile far langt ut i ganen mens han søv, for så å le seg krokete då han høyrde ein forvirra far mumla og banna då han ikkje forsto kvar han var då han vakna.

– Vi har fått skreddarsydd ein sofa frå Sælen Møbler borti nabolaget her. Den går frå vegg til vegg og triller ingen stad, seier Bjørn og ler.

Frå fotball-kino til nytt kjøkken

Bjørn har fått god hjelp til å pussa opp stova, men er ein fyr som ikkje kvir seg for praktiske oppgåver.

I førsteetasje har han bygd ein fotballprega kinosal, heildekorert med Brann-effektar. Han og dei tre sonane har kvar sine favorittar i England, Bjørn liker Leeds best, eldstemann Thomas heiar på Manchester United, Henrik er fødd med meir teft (og heiar på Liverpool) mens yngstemann Erik held med Arsenal.

– Brann har vi til felles, seier Bjørn, og viser oss ei stove med kunstgras på golvet, originale Brann-effektar på veggane, store, gode stolar og eit enormt lerret med tilhøyrande lydanlegg for optimal oppleving.

Til våren vil Bjørn gå laus på neste oppussingsprosjekt. Her har han allereie fått hjelp, men kun til design.

– Tid for hjem var fantastiske å ha i hus, Kjersti er så god at du gløymer at du er på TV. Då eg sa at eg også hadde ønskje om å få pussa opp kjøkkenet, fekk ho ordna med design også til dette, seier Bjørn.

I skrivande stund er han i Tyrkia på treningsleir med Fana sitt damelag, som han er trenar for. I kveld kan du sjå reprise av programmet frå Søfteland, på TV2.no kan du sjå då Kjersti var heime hos Bjørn eit drygt halvår etter oppussinga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.