Annonse

Annonse

midtsiden

Ill. Arkitektkontoret Ulf Røstøen AS

Rustar opp for 2,7 mill.

Tysdag gjekk eit samrøystes formannskap inn for å løyva inntil 2,7 millionar kroner til utvikling av Telthusplassen, området mellom Bakketeig og Kyrkjeflaten.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Onsdag, januar 28, 2009 - 11:04

- Kontrakt med utbyggar blir truleg teikna ganske snart. Vi kan tidlegast gå ut med kven som får oppdraget 9. februar, seier varaordførar Børge Lunde (H).

Vann konkurranse
Med framlegget X-eksOs vann Arkitektontoret Ulf Røstøen AS konkurransen om å få teikna plassen. Ein av dei andre arkitektane ville grava vekk parkeringsplassen utanfor rådhuset for å gjera det mogleg å kjøra båt nesten til døra hos Rosvold Sport.

Ferdig i juni?
I juni 2007 gav kommunestyret styringsgruppa og arbeidsgruppa for Strandstaden Os i oppdrag å gjennomføra forhandlingar med Røstøen. I februar 2008 lurte Midtsiden på korleis det gjekk i saka. No ser det ut til å gå mot byggeaktivitet ganske snart.

- Ja, det blir bygging snart. Frå politisk hald er det ønske om ferdig oppgradering av plassen innan marknadsdagane, altså i slutten av juni i år. Så får vi sjå om vi når gjennom med det i forhandlingane, seier Lunde.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11

 
Hjem

Ansvarlig redaktør: Kjetil Vasby Bruarøy.
I redaksjonen: Andris Hamre.
TIPS OSS PÅ MOBIL/SMS/MMS:
+ 47 90 78 92 70
+ 47 47 90 61 11