Annonse

Annonse

midtsiden

Foto: Kjetil Bruarøy

Os med to lag i finalen - til no

Fem av seks handballag frå Os er vidare i BHK sin julecup. - Jenter 16 tok seg på dramatisk vis vidare til finale i formiddag, seier handballformann Andris Hamre (bildet).

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Mandag, desember 29, 2008 - 08:33

Gutar 18 fekk sterk motstand i innleiande rundar, og gjekk ikkje vidare til sluttspel. Men det gjorde alle dei fem andre laga frå Os; G12, G13, J13, J15 og J16.

- Jenter 16 spelte 9-9 mot Åsane i semifinalen. Det blei lagt til ekstra tid med sudden death, og då blei det også ekstra spennande, fortel Andris.

Åsane var i angrep, men Susann Rosvold redda for Os. Os missa i angrep, men Susann redda igjen.

- Det kom eit innspel til streken vår, Karina Rød, som banka inn sigersmålet og sikra finaleplass.

Karina er einaste 16-åring på laget, keeper Susann er berre 14 år.

Fleire finaleplassar
Jenter 16 er ikkje einaste lag som har tatt seg heilt til finalen, gutar 12 vann nemleg 10-4 over Årstad i semien, og spelar finale mot Fyllingen tysdag.

Gutar 13 spelar i skrivande stund semifinale mot Osterøy, jenter 15 spelar mellomrunde i ettermiddag og jenter 13 spelar 1/8-finale mot Bjørnar klokka 15.40 i dag.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11

 
Hjem

Ansvarlig redaktør: Kjetil Vasby Bruarøy.
I redaksjonen: Andris Hamre.
TIPS OSS PÅ MOBIL/SMS/MMS:
+ 47 90 78 92 70
+ 47 47 90 61 11