Annonse

Annonse

midtsiden

Bryggearbeidet har starta

I dag starta arbeidet med å sikra gjestebrygga.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Mandag, januar 5, 2009 - 14:34

Gjestebrygga i Os hamn har fått hard medfart, og i oktober blei delar av brygga tatt av sjøen. I budsjettet for 2009 blei det sett av ekstra pengar til reparasjon og utbetring, og i dag starta arbeidet.

- Etter mudringa blei hamna djupare og sjøen meir kraftig i draga. Gjestebrygga er forankra slik at ho no er meir sårbar, noko som er det første vi vil retta oppi, seier seksjonsleiar for samferdsle i Os kommune, Arne Håkon Rød til Midtsiden.no. Og Rød kan opplysa om at kommunen får pengane til å strekka eit lite stykke lenger.

- Vi brukar eigen stein, frå arbeidet mellom Kolskogen og Ulven, og eigne bilar til transport. Steinen blir lagt frå brygga skrått mot botnen, forklarar han. Når denne delen av arbeidet er ferdig startar tømrararbeidet på sjølve brygga.

- Målet er å ha brygga tilbake i god stand rundt 1. mai, seier Rød. Ordførar Terje Søviknes (Frp) er nøgd med at arbeidet har starta, og håpar den komande båtsesongen i Os blir endå betre enn før.

- Vi skal også sjå på meir langsiktige tiltak. Blant anna vil vi, i tillegg til den komande moloen på Mobergsneset, vurdera tiltak på Haugsneset-sida, seier ordføraren.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11

 
Hjem

Ansvarlig redaktør: Kjetil Vasby Bruarøy.
I redaksjonen: Andris Hamre.
TIPS OSS PÅ MOBIL/SMS/MMS:
+ 47 90 78 92 70
+ 47 47 90 61 11