Annonse

Annonse

midtsiden

Nytt firma overtar

Lageret i Ådnadalen er i ferd med å bli overtatt av Nordiske Handelsparker AS.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Mandag, januar 5, 2009 - 15:14

I september blei det kjent at lageret i Ådnadalen ikkje blir nytt Rema-lager. No er eit nytt Reitan-firma i ferd med å overta som eigar.

- Då det blei klart at Rema ikkje skulle bruka lageret med det første, starta dialogen om å overføra eigedomen til oss, seier prosjektleiar John Mjøen i Nordiske Handelsparker (NHP) til Midtsiden.no.

Har fleire lager NHP blei etablert i 2006 og har desse eigarane: Reitan Eiendom AS, Ursus Eiendom AS, Persson Norge AS og Heglund Holding AS. NHP har handels- og industrieigedomar over heile landet, blant anna Rema-lageret på Vinterbro og sju lager for Brødrene Dahl.

- Sidan vi i større grad er operative i eigedomsbransjen er det naturleg at vi overtar, meiner Mjøen. Skal sikra bygget Dei nye eigarane skal jobba for å fylla lageret med ein eller fleire leigetakarar.

- Vi kjem ikkje til å gjera lageret ferdig før leigekontraktar er teikna. Lageret må nok uansett tilpassast dei som skal bruka det. Men vi skal sikra bygget, så vi får det tett og tørt. - Korleis skal de jobba for å få leigetakarar?

- Strategi og målsetnadar er ikkje bestemt enno. Når transaksjonen av lageret er ferdig, og vi formelt står som eigar, kjem vi til å jobba med få oversikt over marknaden og bransjar å satsa på, seier John Mjøen frå Nordiske Handelsparker AS.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11

 
Hjem

Ansvarlig redaktør: Kjetil Vasby Bruarøy.
I redaksjonen: Andris Hamre.
TIPS OSS PÅ MOBIL/SMS/MMS:
+ 47 90 78 92 70
+ 47 47 90 61 11