Sjark hamna på land
Av: Kjetil Vasby Bruarøy Lørdag, januar 3, 2009 - 10:17
Ein fiskar frå Os reiste i går til Tysnes for å bruka helga på å fiska torsk. Då han sat og åt kveldsmat om bord oppdaga han at sjarken tok inn vatn.
- Det rann inn. Først byrja eg å ausa, men då det ikkje var hjelp i, kjørte eg sjarken opp i ei fjøre så ikkje den skulle søkka ned, fortel den uheldige fiskaren til Midtsiden.no.
Båten låg til kai då lekkasjen blei oppdaga. Natta har gått med til å prøva å redda mest mogleg om bord. No set fiskaren seg i lettbåten for å reisa heim og få varmen i seg.
- Eg er glad eg oppdaga lekkasjen før eg la meg. Båten får eg få hjelp til å henta seinare, seier fiskaren.
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no