Annonse

Annonse

Éin på legevakt - éin i arrest

Politiet taua inn kamphanar både tidleg laurdag kveld og seint natt til sundag.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Søndag, januar 4, 2009 - 08:50

Laurdag klokka 20.37 fekk politiet melding om slåsting utanfor Esso-stasjonen på Os. Patruljen frå Fana snudde då melding om at ein av kamphanane hadde forsvunne i ein bil.

- Men ein time seinare kom melding om at fornærma (19) hadde hamna på legevakten. Os-patruljen fann då han som stakk i bil (20), og gav han pålegg om å halda seg vekke frå sentrum resten av kvelden, fortel operasjonsleiar Harald Lekven i Hordaland politidistrikt.

Etter ordre blei 20-åringen seinar pågripen og sét i arresten.

- Han sat fengsla til sundag ettermiddag, fortel Lekven.

I handjern utanfor Opus
To menn i starten av 30-åra såg ut til å ryka i tottane på kvarandre klokka 04.29 natt til sundag.

- Patruljen observerte ein som gjekk raskt etter ein annan. Dei stoppa for å hindra det som såg ut til å bli ein slåstkamp. Vedkomande var så vanskeleg å halda roleg at han blei lagt i jern og putta i politibilen, men etter ein samtale fekk han sleppa fri igjen.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11

 
Hjem

Ansvarlig redaktør: Kjetil Vasby Bruarøy.
I redaksjonen: Andris Hamre.
TIPS OSS PÅ MOBIL/SMS/MMS:
+ 47 90 78 92 70
+ 47 47 90 61 11