
Tar 700 på skiskule
I fjor på denne tida lokka MX Sport si skimesse så mange til Voss Fjellandsby at dei måtte setja opp skilt i Voss sentrum for å seia frå at det var fullt ved alpinanlegget.
I år er kapasiteten i Myrkdalen dobla, med blant anna ny 6-seters ekspressheis. Fleire skiinstruktørar er også på plass, og det kjem godt med.
- I fjor hadde vi 400 på gratis skiskule, onsdag passerte vi 600 påmeldingar til årets messe, fortel Jan Frode.
Og det er ikkje berre ungar som skal læra å ploga blant det som truleg b lir nærmare 700 kursdeltakarar. Ungdom og vaksne har meldt seg på både carvingkurs og undervising i snøbrett, telemark og frikjøring.
- Dei som driv skiskulen ved anlegget trur dei kjem til å setja noregsrekord i skiundervising denne helga. Og dei meiner anlegget fint skal kunna ta unna køane, sjølv om det kjem fleire enn i fjor, seier Skeie.
Nytt under årets messe, som finn stad til helga, er skirenn for dei yngste og smørekurs med tidlegare landslagssmørar.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no