Annonse

Annonse

Opnar hallen for dei yngste

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Torsdag, januar 8, 2009 - 09:02

Ei engasjert mor som tok kontakt med Os Turn for å arrangera innandørsaktivitet for dei yngste fekk raskt hallstyrarane med på ideen.

- Saman med handballgruppa kjem vi til å arrangera open idrettshall omtrent kvar helg framover, seier leiar i fotballgruppa, Bjarte Wiberg.

To timar kvar laurdag, bortsett frå til helga, då sundagen skal brukast, skal setjast av til ungar med foreldre.

- Tanken er å ta ut mykje utstyr og la ungane få leika og utfalda seg meir eller mindre fritt. Generelt sett sit ungar og vaksne meir i ro enn før, så då ser vi det naturleg å kunna tilby aktivitet innandørs for flest mogleg.

- Vi kjem til å ha det ganske fritt, men dela inn hallen, ha aktivitetsleiarar, og i samarbeid med foreldra forma dette til eit fritt, men trygt aktivitetstilbod, seier Wiberg.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11

 
Hjem

Ansvarlig redaktør: Kjetil Vasby Bruarøy.
I redaksjonen: Andris Hamre.
TIPS OSS PÅ MOBIL/SMS/MMS:
+ 47 90 78 92 70
+ 47 47 90 61 11