Annonse

Annonse

midtsiden

Båt sleit seg

Denne snekka har lagt til kai i småbåthamna sidan september. I dag fekk syndaren svi.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Mandag, januar 12, 2009 - 13:28

Sjølv om vinden har løya er det store bølgjer i hamna i dag.

Saman med springfloa rundt klokka 12 blei det for mykje for ein tung trebåt som har lagt til kai i småbåthamna ved Oselvarnaustet sidan september.

- Folk kan gjerne liggja her ei helg, men det er dumt når dei berre legg frå seg båtane som dette, seier ein av dei som var i Oselvarnaustet i dag.

I dag sleit båten seg, og både roret, skutesida og brygga fekk skadar.

- Vi fekk tak i båten, den ligg tryggare no. Men det er fint om eigar kjem og hentar den.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11

 
Hjem

Ansvarlig redaktør: Kjetil Vasby Bruarøy.
I redaksjonen: Andris Hamre.
TIPS OSS PÅ MOBIL/SMS/MMS:
+ 47 90 78 92 70
+ 47 47 90 61 11