Eplekasting og tjuvgods
Av: Kjetil Vasby Bruarøy Fredag, april 17, 2009 - 14:43
Torsdag i 15-tida blei ein lastebil på veg gjennom Søfteland råka av eple. Sjåføren stoppa og fekk tak i ein av gutane som kasta.
- Ein patrulje rykte ut og tok ein prat med både gutane, som er i 12-13-årsalderen, og foreldra deira, fortel lensmann Rasmus Dalen.
Fann bildelar
Torsdag kveld blei noko som kan sjå ut som tjuvgods funne i grustaket i Kolskogen.
- Inventar frå bil og nokre papir er funne. No skal vi prøva å finna ut kvar dette stammar frå, seier Dalen.
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no