Annonse

Annonse

Tøff start på siste halvdel

I kveld spelar handballdamene sin første kamp etter juleferien, og sin første av heile tre bortekampar denne veka.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Mandag, januar 12, 2009 - 11:06

Os sitt damelag ligg på 4. plass på tabellen med 14 poeng etter 12 spelte kampar. Over ligg Øygard med 15 poeng og Kjøkkelvik 1 og Stord med 22 og 23 poeng.

- Vi kan nok gløyma å toppa tabellen, men hamnar vi på topp 5 skal vi vera nøgd, seier trenar Kenneth Husebø.

I kveld møter dei Askøy på bortebane. Askøy, som rykte opp til 2. divisjon saman med Os for nokre år sidan, fekk ein god start med tre strake sigrar. Men så har dei tapt resten.

- Vi har ikkje tapt for Askøy i 2. divisjon, men dei er nok desperate etter poeng, så vi kan ikkje ta lett på oppgåva, seier Kenneth.

Tre på ei veke
Torsdag og sundag er det nye bortekampar, mot Tertnes 2 og Øygard.

- Det er ikkje lett å seia kva Ternes 2 stiller med. Øygard plar vi ha kontroll på, seier Husebø om dei tre første kampane etter juleferien.

Sesongavslutting av dei sjeldne
For første gong sidan Husebø blei trenar, får ikkje damene avslutta sesongen på heimebane.

- Vi har spelt toppkampar i Oshallen alle år til no, men i år har vi siste heimekamp ein tysdag (24. februar mot Bjørnar 2), og sesongavslutting mot NHHI på bortebane (1 mars, medan herrelaget har sesongavslutting heime mot Åsane).

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11

 
Hjem

Ansvarlig redaktør: Kjetil Vasby Bruarøy.
I redaksjonen: Andris Hamre.
TIPS OSS PÅ MOBIL/SMS/MMS:
+ 47 90 78 92 70
+ 47 47 90 61 11