Annonse

Annonse

Nye midtsiden.no!

Dette er nytt, dette blei vi ikkje heilt ferdig med før lansering.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Torsdag, april 23, 2009 - 14:57

Ni år etter at Midtsiden kom på nett var det no på høg tid med ny versjon!

Her er noko av det som nytt:
• Større bilde til artiklar og i bildeseriar
• Intern vising av film
• Ope for kommentering av artiklar
• Kategoriar og tags - enkel navigasjon til det du likar best å lesa om
• LokalPortal - lenkjer til "nesten heile Os"
• Kulturkalender i eige menyval
• Ope for blogg
• Enklare søk internt på midtsiden.no, og enkel navigasjon i arkivet tilbake til 2002
• Betre vising av reklame - og plass til fleire bannarar

Dette blei vi ikkje ferdig med før lansering:
• Arkivet frå 2002 til desember 2008 er lasta over, men dei aller fleste arkivartiklane har førebels ikkje fått bilde i nytt format eller blitt kategoriserte
• Arkivet frå midten av januar til midten av april 2009 er førebels ikkje lasta over til denne nye sida

Trygg og moderne
Nye midtsiden.no er utvikla av Morten Nicolay Nielsen i reklamebyrået Macbox AS, og har Drupal som "content management system" (CMS). Drupal er ein modulbasert CMS distribuert via opensource GPL (General Public License). Drupal er utvikla og heldt ved like av utviklarar frå heile verda.

Tryggleik og stabilitet er prioritert, Drupal blei nyleg kåra til verdas beste opensource php/mysql-baserte CMS, for andre år på rad.
Drupal blir brukt av fleire nettaviser verda over. Også i Skandinavia byrjar folk å opna augene for dette, blant anna journalisten.no.

Kjetil Vasby Bruarøy har overtatt som eigar av midtsiden.no, medan Macbox AS framleis eig magasinet Midtsiden.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11

 
Hjem

Ansvarlig redaktør: Kjetil Vasby Bruarøy.
I redaksjonen: Andris Hamre.
TIPS OSS PÅ MOBIL/SMS/MMS:
+ 47 90 78 92 70
+ 47 47 90 61 11