Lokal | 12. feb. 2015

Nødnett på plass

Det digitale sambandet Nødnett vil, i følge brannsjef Stein Gjøsund, gje fleire fordelar for nødetatane i Os.

Nødnett på plass
Brannsjef Stein Gjøsund viser fram det nye digitale naudnettsambandet som er installert. (Foto: KML)
Kari M. Lyssandtorsdag 12. feb. 2015 13:13

Denne veka blei dei nye nødnettet installert i bilane til Os brannvesen, og sjølv om dei framleis brukar det gamle analoge radioen så kan dei no byrja å øva seg på den nye.

– Det er ein del installasjonar som gjenstår, men 28. oktober er datoen då vi skal over på Nødnett i Hordaland, fortel brannsjef Stein Gjøsund.

I mellomtida arbeidar brannvesenet med nye sambandsrutiner og prosedyrer, og legevakta som òg skal bruka nettet har ein del installasjonar og liknande som skal settast i stand på huset.

Betre dekning og talekvalitet

Allereie for 20 år sidan, i 1995, tok Statens helsetilsyn initiativ overfor Justis- og politidepartementet om å få til eit fellesprosjekt for å få skifta ut radiosystema i nød- og beredskapsetatane.

I tida mellom 2007 og 2009 blei trinn 1 gjennomført, medan vidareføringen måtte avventa ei evaluering, kvalitetsikring og nytt vedtak i Stortinget. I 2011 kom det stortingsvedtak om å setja i gong å bygga ut nødnettet i resten av landet.

– Sambandet vi brukar no har dårleg talekvalitet og dekning, enkelte stadar er vi utan både telefondekning og samband.

Alle nødetatane og andre viktige samfunnsfunksjonar skal bruka Nødnett, og det nye for Os er at no kan brann og helse kommunisere med politiet.

– Intensjonen er at om det går ei trippelvarsling og uansett kvem av oss som er først på staden så vil vi kunne lytta og kommunisere saman.

– Eit skritt i riktig retning

Det nye nødnettet, som Gjøsund beskriv som eit skritt i riktig retning, vil, i motsetnad til det gamle, automatisk finne nye basestasjonar om ein beveger seg utanfor dekningsområdet til det sambandet ein var på.

– Så om vi er for eksempel på vestsida av Strøno eller i Rødsliane så vil vi ikkje lenger vera utan samband.

Ein annan fordel med Nødnett er betra talekvalitet og at det er avlyttingssikkert.

– I prinsippet kan ein bruka det som ein sikker mobiltelefon og ein lege kan gje pasientinformasjon på linja innanfor loven sine rammer.

Det digitale nødnettet kjem til å bli ein del dyrare å drifta enn det analoge. Staten tar seg av eingongsinvesteringa med utstyr, medan kommunen må sjølv betale for abonementsavgift, vedlikehald og liknande.

– Det kjem nok til å kosta rundt 400 000 kroner meir i året.

I løpet av 2015-2016 skal Nødnett vera på plass over heile landet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.