Sport | 24. apr. 2014

Nøgd med innhaldet, men ikkje resultatet

Søfteland var suverene, Lysekloster 2 spelte uavgjort og Os 2 gjekk på eit knepent tap i serieopninga.

Nøgd med innhaldet, men ikkje resultatet
Håvard Grøteide er tilbake etter opphald med kyssesjuke, og gjorde god figur som kaptein for Os 2 i går. (Foto: Christina Forstrønen Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 24. apr. 2014 08:18

Bildeserie:

(Foto: Christina Forstrønen Bruarøy)
(Foto: Christina Forstrønen Bruarøy)
(Foto: Christina Forstrønen Bruarøy)
(Foto: Christina Forstrønen Bruarøy)
(Foto: Christina Forstrønen Bruarøy)
(Foto: Christina Forstrønen Bruarøy)
(Foto: Christina Forstrønen Bruarøy)
(Foto: Christina Forstrønen Bruarøy)
1 av 4
(Foto: Christina Forstrønen Bruarøy)
(Foto: Christina Forstrønen Bruarøy)
(Foto: Christina Forstrønen Bruarøy)
(Foto: Christina Forstrønen Bruarøy)

Denne veka er det seriestart på heimebane for alle seniorlaga i Os kommune - bortsett fra A-laget til Os, som vann på bortebane måndag.

Les òg: Seriestart utan toppskårar

I går var det start for 5. og 6. divisjon, der Søfteland klarte seg bra utan toppskårar Niklas Linde og vann heile 6-1 over den tidlegare 5. divisjonsklubben Rosendal.

Lysekloster 2 tok imot Viggo, med blant andre Ramo Racic, Joakim Hovden og Tore Valvik i troppen. Kampen enda 2-2.

Os 2 spelte heime mot Ny-Krohnborg, som til liks med Os 2 rykte ned frå 4. divisjon i fjor haust.

– Ikkje god nok framfor mål

Terje Kvittingen, som er med i det sportslege apparatet rundt Os, er nøgd med kampen, men ikkje resultatet.

– Vi var hakket betre enn dei i første omgang, og etter pause var det berre eitt lag på banen.

– Ny-Krohnborg har rett nok enkelte gode spelarar, men framsto som dårleg trent. Men dei hadde marginane med seg og fekk seg ei skåring på ein overgang.

Kampen enda med 0-1-tap.

– Vi var ikkje suverene i spel og sjansar, men hadde 8-10 kvalifiserte sjansar og med normal utteljing burde rundt tre av desse ført til skåring.

– I staden blei det stolpeskot og utanfor. Vi var ikkje kvasse nok framfor mål i går, men resten av kampen kan vi vera nøgd med.

– Det var også kjekt å sjå keeper Martin Tysseland og kaptein Håvard Grøteide i så god form etter at dei begge har vore lenge vekke med kyssesjuke, seier Kvittingen.

I kveld (kl 18) møter A-laget 2. divisjonsklubben Vard Haugesund til første NM-runde, fredag (kl 19) speler Søre Neset/Nore Neset heime mot Eikelandsfjorden, laurdag (kl 15) speler SN/NN 2 heime og søndag er det både lokaloppgjer mellom Os og Lysekloster (kl 16) og seriestart for damelaget til Os (kl 19).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.