Sport | 27. mai 2018

Nøgd med tre poeng

Lysekloster skåra på frispark og vann borte mot Tertnes.

Nøgd med tre poeng
Vladan Radojkic skåra, men blei avblåst for offside (foto: AH)
Andris Hamresøndag 27. mai 2018 15:53

Søndag møtte Lysekloster Tertnes borte på Åstveit idrettspark. Det blei ein varm batalje kor bortelaget tok sigeren med seg til Lysefjorden etter skåring på frispark frå Rune Mo.

– Det var eit frispark på hjørnet av sekstenmeteren frå omlag 25 meter. Rune satte eit godt skot, utagbart for keeper, seier Rune Hetlevik, trenar for Lysekloster.

Tertnes - Lysekloster 0-1 (0-1)
Lysekloster si startoppstilling: Kjetil Hansen, Eirik Rode, Mats Walberg, Szymon Walczak, Thorvald Tætteberg, Denis Ljubovic, Mohammad Hasan Rahmani, Rune Mo, Vladan Radojkic, Even Vetås, Stian Dyngeland.

Snytt for eit mål til

Lysekloster var bunnsolide i førsteomgangen før Tertnes kom litt meir med i den andre.

– Vi hadde nokre solide kontringsmuligheiter. Eitt av dei meiner eg at vi blei snytt for mål. Vi kjem tre mot ein. Stian Dyngeland speler Vladan Radojkic fri på kanten. Han skårar, men linjedommaren meiner han var i offside då han mottok ballen. Vi er vel ikkje akkurat einige i det, men slik er det. Det er dommarane som dømmer.

– Alt i alt er eg kjempenøgd med at vi tek med oss tre poeng. Det var ein tøff, tung og varm kamp. Det var viktig for oss å reise seg etter tapet mot Brann 2 og det gjorde gutane. Dei viser at dei tåler ein smekk.

– No er det toppoppgjer mot Brodd heime i Lysefjorden neste helg. Det gler vi oss til, avsluttar Ruben Hetlevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.