Lokal | 24. apr. 2014

Nok ei super-helg i vente

... men til veka skal det bli kaldt igjen.

Nok ei super-helg i vente
Os hamn langfredag. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 24. apr. 2014 13:34

Etter ein varm og skyfri påske, som toppa seg med temperaturar på rundt 20 gradar 2. påskedag og tysdag, kan vi sjå fram til nok ei helg med strålande vêr i Os.

Torsdag har vore overskya, men fredag skal det letta og auka frå 14 til 15 gradar.

Laurdag og søndag blir finast, med nærmast skyfri himmel, 1-3 m/s vindstyrke og 20 gradar laurdag og 17 søndag.

Måndag blir like fin og nesten like varm, og det skal halda seg lettskya ut neste veke.

Men tysdag er det venta at temperaturen skal ned i 10 gradar, og til onsdag er det meldt berre 6 varmegradar.

Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro på Storm.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.