Sport | 07. mars 2017

Nok ein Os-spelar på krykker

Preben Skorpen braut foten i treningskampen mot Sotra laurdag.

Nok ein Os-spelar på krykker
Preben Skorpen på Kuventræ med ny-gipsa fot for å sjå på treninga til lagkameratane måndag kveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 07. mars 2017 08:35

Preben Skorpen, som i vinter gjekk frå Lysekloster, via eit år «i lågsesong» med Søfteland, til Os, blei skadd då Os spelte 2-2 mot Sotra laurdag.

No viser det seg at han har knekt eit bein i foten.

Seriestart heime mot Spjelkavik 15. april kan han gløyma. Målet no er å få spela mot gamleklubben Lysekloster i derby på bortebane laurdag 6. mai.

– Det er nok optimistisk av meg det òg. No får eg seks veker med gips, og så skal eg starta varsamt med trening. Eg har fått beskjed om at det kan ta alt frå nokre veker til fleire månadar før foten er normal igjen, fortviler den unge forsvarskjempen.

– Ville knekt uansett

Brotet er i eit bein på utsida av høgrefoten.

– Der er visst eit «tretthetsbrudd», eit brot som ville kome før eller seinare uansett.

– Første gong eg kjente noko i den foten var i ein kamp med Søfteland på seinsommaren i fjor. Eg burde gjerne ha sjekka den då, men du tenkjer gjerne ikkje over at alt som der og då gjer litt vondt kan vera starten på ein meir omfattande skade.

– Eg skulle jo ønskt at brotet kom litt før, at eg hadde blitt klar til seriestart. Samtidig er det kanskje greit at den kom no og ikkje då sesongen kom i gang.

Tysdag om ei veke reiser Skorpen sin nye klubb på treningsleir på Kypros. Han har ikkje bestemt seg om han blir med.

– Eg veit Thomas Hille skal nedover sjølv om han er skadd, men eg mister ei veke på skule om eg er vekke, så det spørs.

Ein skadeprega vinter

Med Andrew Todd i trening med Brann og Kasper Færøvik ute med langtidsskade såg det dårleg ut mellom stengene til Os då innlånt keeper frå Fana, Thomas Hille, knakk ankelen før første treningskamp i januar.

• Les òg: Fleire usikre keeper-kort på Kuventræ

No er også midtforsvaret, der Preben Skorpen skulle erstatta Torkel Hjertnes, svekka.

Frå før er spissen Sander Fagerbakke Kvittingen, som i haust var på topp mot Bjarg, ute til over sommaren med tre skadar i kneet.

Laurdag speler Os første treningskamp på heimebane denne vinteren. Kampen går mot Bjarg frå kl 14.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.