Lokal | 01. feb. 2016

Nok eit innbrot i Lysefjorden

Laurdag blei det oppdaga innbrot i Hellebakkgrenda. På under to veker har fire einebustadar, tre av dei i Lysefjorden, vore utsette for innbrot.

Nok eit innbrot i Lysefjorden
Politioverbetjent Audun Hadler-Olsen ber om tips etter fire innbrot på under to veker. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 01. feb. 2016 09:07

Helga 15. til 16. januar blei to bustadar i Lysefjorden utsett for innbrot.

Les òg: Tjuvar endevendte heile huset

Fredag klokka 19.30 gjekk alarmen i ein bustad i Midtskogvegen på Moberg, nær Os sentrum. Også der hadde det vore innbrot.

– Laurdag fekk vi òg melding om innbrot. I 15-tida på dagen blei det oppdaga at uvedkomande har vore inne i ein bustad i Hellebakkgrenda, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Sikra spor

Politiet var på plass og tok åstadundersøking i Hellebakkgrenda laurdag.

Felles for alle er at husa har stått tomme mens dei har vore utsett for innbrot. I Midtskogvegen var ikkje alarm nok til å hindra tjuvane, men det førte til utrykking og at politiet kan tidfesta innbrotet.

– Vi har òg sikra nokre spor i form av fingeravtrykk og DNA. Det tar litt tid før vi får svar på desse, men vi håper at nokre av spora er gode nok til identifisering, så får vi sjå om dette er folk vi har i registeret frå før.

Politiet er interesserte i tips.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.