Kultur | 29. juli 2015

Noko for ein kvar smak

Christine Sandtorv lovar noko for einkvar smak når ho kjem til Osfest med Stjerneteller-konsert laurdag.

Noko for ein kvar smak
Christine Sandtorv gler seg til å ta turen frå ferien på Austevoll og inn til Os laurdag (foto: Pressefoto/Dyveke Sandtorv Nilssen)
Andris Hamreonsdag 29. juli 2015 11:54

Laurdag klokka 13 tek Christine Sandtorv med seg bandet sitt og omlag 20 lokale ungar inn i Oseanasalen til Stjerneteller-konsert under Osfest.

– Eg gler meg virkeleg. Ungar er eit så herleg publikum å spela for. Dei er kjekke og positive, men òg veldig ærlege og tydlege i tilbakemeldingane, fortel Christine Sandtorv på telefon frå Austevoll, kor ho for øyeblikket er på ferie.

Starta då ho blei mor

Sandtorv gav ut si første barneplate «Stjerneteller – Godnattsanger» i 2009. I 2012 kom oppfølgjaren hennar, «Stjerneteller – Gullamanter», som vann Spellemannsprisen for beste barnemusikk. No nyleg tok ho heim nok ein Spellemannspris, i same kategori – denne gongen for albumet «Stjerneteller – Dinomaur».

– Det starta då eg blei mor for første gong. Det finst mykje fin barnemusikk, men dei var alle av dei gode gamle. Eg klarte ikkje finna nyare musikk for born, så då fann eg ut at eg ville skriva litt sjølv. Den første plata blei ei roleg plate med godnattasanger for den vesle jenta mi.

– Oppfølgaren kom då eg fekk tvillinggutane. Då blei det meir tempo og liv i huset, og det blei det på plata òg. Den siste plata gjenspeiler vel litt korleis det er å ha fått tre barn. Eg prøver å skrive ærleg og god popmusikk for barn, fortel den populære artisten.

"Konkurrerte" med Stine

Til konserten har Sandtorv, som på slutten av 90-talet og starten av 2000 talet var ein del av det bergensbaserte jentebandet Ephemera, fått hjelp av Stine Kobbeltveit til å samla eit barnekor som skal vera med på konserten.

– Vi pleier alltid å ha med eit lokalt barnekor på konsertane, men sidan dette var midt i ferien og eg visste Stine held på med musikk og born i Os, så tok eg kontakt. Ho tar jo til og med ei øving med dei på fredagen, så dette skal bli så bra. Ungane skal vera med på fire av låtane.

– Men du har ikkje spelt med Stine sjølv?

– Nei, men eg kjente jo til ho frå Furia. Vi var jo to jenteband frå Vestlandet, så det blei jo litt som at vi såg på kvarandre som konkurrentar, sjølv om vi eigentleg ikkje var det. Dessuten gjekk eg på folkehøgskule saman med systera hennar Kristin, så eg har jo alltid visst om ho.

Eggdelar som instrument

Det er ikkje berre ungane i koret som kan enda opp med å stå på scenen saman med Sandtorv.

– Det kan nok vera at det er fleire som får spørsmål om dei har lyst til å komma opp og vera med. Vi har nemleg ei låt kor vi brukar eggdelarar som gitar. Det må vera verdas mest undervurderte instrument. ler ho.

Ei ekte konsertoppleving

På spørsmål om kva ein kan venta seg av konserten er ho kjapp i svaret.

– Verdast frekkaste og morosamme trommis, ein ringrev på tangentar og eit bustehovudet av ein gitarist.

– Det blir litt for einkvar smak, litt kos og moro, men éin skummel sang og, fortel Sandtorv.

– Eg er oppteken av å gje ungane ei ekte og god konsertoppleving, på same måte som om det var eit vaksent publikum. Noko kallar det eit show, men eg vel framleis å si at det er ein konsert, avsluttar Christine Sandtorv.

Sjølv om konserten er ein del av Osfest, blir det seld eigne billettar til denne. Festivalpassa gjeld ikkje.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.