Sport | 23. juni 2017

Nora til nasjonal talentsamling

Nora Marie Johnsen frå Nore Neset er tatt ut på nasjonal talentsamling i håndball.

Nora til nasjonal talentsamling
Nora Johnsen er teke ut til nasjonal talentsamling i handball (foto: Tove-Lise Mossestad, Mossestad FotoDesign/NHF Region Vest)
Andris Hamrefredag 23. juni 2017 14:00

17. og 18. juni var dei seksti største handballtalenta fødd i 2002 i Hordaland og Sogn og Fjordane samla i Sotra Arena til regional talentsamling. Blant dei Nore Neset-spelar Nora Marie Johnsen og dei to Os-spelarane Stine Eide og Malene Fagertun.

Med bakgrunn i prestasjonane på samling har no Nora Marie Johnsen blitt tatt ut til den nasjonale talentsamlinga i Skien 7.-10. august, som ei av sju jenter frå region Vest.

– Det skulle berre mangla. Ho er meir ein god nok, seier Jørgen Wold, som har vore trenar for Nore Neset J02 den siste sesongen.

Kan nå langt

Wold er ikkje i tvil om at det er eit unikt talent som no er plukka ut.

– Ho har eit vanvittig håndballtalent og treningstalent. Ho kan nå så langt ho vil.

– I tillegg til det er den framste eigenskapen hennar eit fantastisk håndledd. Ho har ein vanvittig snert i det. Når ho i tillegg blir enno smartare i å henge når ho kjem gjennom på vingen, så blir det utruleg bra.

– Styrken hennar er at ho er flink til å sjølv sjå kva ho gjer bra og kva ho treng jobba med. Ho gjer dei rette tinga, skryt Wold.

Talentsamlinga i Skien vil vera med på å danna grunnlaget for det nye 02-landslaget til Noreg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.