Sport | 03. aug. 2016

Nordkapp - Lindesnes: Turen gjekk innom Os

Noreg til fots: Patrik, Jon og Trygve er over halvvegs, har kome seg til Hedmark, nesten besøkt Snåsamannen - og ser fram til reinsdyrjakta.

Nordkapp - Lindesnes: Turen gjekk innom Os
Patrik, Jon og Trygve gjekk måndag ut av Os i Hedmark vidare mot Rondane og Jotunheimen.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 03. aug. 2016 08:15

Bildeserie:

1 av 11

Rett etter at vi hadde førre intervju med Jon Espevik, Trygve Berentzen og Patrik Søreide, der Trygve sa at alle hadde det bra, fekk Patrik senebetennelse på framsida av leggen.

Gutane som skal gå Noreg på langs, frå Nordkapp til Lindesnes, hadde då gått 100 mil på 40 dagar og var omtrent ferdig med ein tredel av turen (3000 kilometer).

Likevel har turen frå Sulitjelma nord i Nordland og ned til Sør-Noreg gått unna i planlagt tempo.

– Han fekk noko betennelsesdempande og så la vi inn fleire pausar. Det var utruleg å sjå korleis han klarte å gå det av seg, seier Trygve.

Dei har no lagt bak seg 1800 av 3000 kilometer.

Turen starta 21. mai og dei tre turkameratane har sett av fire månadar til turen.

Innom Os

Ruta går ikkje innom heimbygda Os, på Vestlandet, men i førre veke kom dei til Røros, måndag gjekk dei frå Os i Hedmark.

Opphaldet i Os i Østerdalen blei «bare rævva».

– Vi såg fram til å oppleva vakre Røros, der ein kamerat skulle koma oppom og eta middag med oss. Men mens vi var i Røros har vi fått i oss noko vi ikkje tolte, og dei neste dagane var vi skikkeleg dårlege.

Den eine blei sjuk før den andre, og neste tur gjekk berre 12-13 kilometer ned til Os. Då var det nestemann sin tur, etter å ha inntatt store mengder jordbær med vaniljesaus blei det ein like rask tur på toalettet.

Svolt og tørst

Sju av stadane gutane har vore innom har vore ekstra oppmuntrande i form av depot, avtalt tilsendt proviant frå familien heime.

Fleire depot står for tur, det er grenser for kor mykje dei kan ha i sekken, og enkelte plassar er det langt mellom kvar butikk.

– Har det hendt at de har bomma på mengda mat i sekken?

– Ja, men berre éin gong, så vidt eg kan hugsa. Då gjekk vi tre mil på tom mage utan tilgang på mat. Vi var veldig svoltne, men det er lenge sidan, så det har vi nesten gløymt.

Det har òg hendt at gutane har blitt positivt overraska.

– Ein kunde av meg i Privatmegleren, eit utbyggarfirma, sendte oss ein motivasjonspakke. Whiskey og sjokolade kom som ei positiv overrasking!

Det verste blei det beste

Før Jon, Patrk og Trygve passerte same breddegrad som Trondheim fekk dei fleire flotte naturopplevingar i nord.

– Saltfjellet styrte vi unna, vi heldt oss langs E6 då Patrik skulle gå av seg senebetennelsen.

– Men Blåfjella nasjonalpark blei langt betre enn venta. Vi hadde blitt åtvara mot at dette berre var vanskeleg myr, men det hadde vore tørt ein lang periode, og det var strålande vêr då vi gjekk der, så dette blei blant dei finaste dagane vi har hatt!

Etter nokre veker med mygg overtok kleggen rolla som plagånd, men no har dei vore kvitt den òg ein periode.

Då dei kom ut av Blåfjella blei det overnatting på Snåsa. Der møte dei ein som skal vera nevøen til Snåsamannen.

– Steinar Gaundalen var både bonde og pilot, og leige ut overnattingsplass. Vi fekk høyra frå andre at han var nevø av mannen med dei mystiske evnene. Vi spurde han aldri om det stemte, men såg klare likhetstrekk.

17 dagar til jakta startar

Turen går no vidare til Rondane, Jotunheimen og Besseggen.

Dei tre skal passera riksveg 7 og koma seg sør på Hardangervidda, til Litlos, før reinsdyrjakta startar 20. august.

– Det ser vi veldig fram til. Eg har vore heldig på jakta dei siste åra og skote begge dyra eg har hatt kvote kvart år. Denne gong har vi løyve på fire dyr, så det blir spennande.

Om det blir klaff og treff blir kjøttet sendt til Os med helikopter før turen held fram ned Setesdalen og vidare til målet; Lindesnes.

– Når vi er ferdig med jakta har vi berre 10 dagar igjen og gå. Det er godt å tenka på, men samtidig litt rart. Vi synest allereie at tida har gått fort, seier Trygve på vegne av seg sjølv, Jon og Patrik.

• Midtsiden samleside: Noreg til fots

• Turen, dag for dag: norgetilfots.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.