Kultur | 24. sep. 2014

Nordstoga til Oseana

Oseana er i ferd med å fylla huset med toppartister i desember. No er det klart at også Odd Nordstoga kjem til Os.

Nordstoga til Oseana
Odd Nordstoga får sjå fjorden igjen når han vitjar Oseana onsdag 10. desember (pressefoto)
Andris Hamreonsdag 24. sep. 2014 13:24

For berre fjorten dagar sidan blei det kjent at Anita Skorgan kjem til Oseana med sin julekonsert kor Terje Nordby deltek med «Charles Dickens juleevangelium». No er det klart at ein til av store norske artistane vitjar kulturhuset oppunder jul.

– Onsdag 10. desember kjem Odd Nordstoga på vitjing, fortel Astrid Heggland, sals- og marknadsansvarleg på Oseana.

Aleine på turné

Odd Nordstoga fekk det store gjennombrotet i 2004 då han gav ut albumet «Luring». Albumet selde meir enn 150 000 eksemplarar og innheldt monsterhiten «Kveldssong for deg og meg», om grisen som står og hyler.

Nordstoga har jobba med fleire kjende artistar, no seinast med Ingebjørg Brattland, som han gav ut albumet «Heimefrå» saman med. Nordstoga og Brattland har denne sommaren turnert land og strand rundt saman.

Til Oseana kjem den folkekjære artisten frå Vinje aleine, med seg har han gitaren, trekkspelet og melodiane frå albumet «Bestevenn», som kom ut i 2011.

– Dette gler vi oss til. Billettane til konserten blir lagt ut for sal i morgon torsdag, avsluttar Heggland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.