Fotball | 03. aug. 2017

Nore Neset på vinnarsporet!

2 av 10 er framleis vidare: Sånn gjekk det med dei 10 laga frå Osbygda i A- og B-sluttspelet.

Nore Neset på vinnarsporet!
Nore Neset J14 stiller med to lag i Norway Cup. Det eine er no i 1/8-finale. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 03. aug. 2017 09:33

Bildeserie:

Os G14 spelte 1-1 mot belgiske Olve, men tapte på straffekonk.
Os G14 spelte 1-1 mot belgiske Olve, men tapte på straffekonk.
1 av 1
Os G14 spelte 1-1 mot belgiske Olve, men tapte på straffekonk.

Mens Os G17 er klare for kvartfinale fredag (kl 11.15 på Ekeberg bane 36), og har hatt fri onsdag og torsdag, har Nore Neset kjempa seg til 1/8-finale i jenter 14.

– Vi hadde ein fantastisk dag i går, der vi runda av puljespelet med storspel og 7-0-siger, til fantastisk jubel, ikkje minst av sjefssupportar Brynjar Øvstedal, seier ein av trenarane, Morten Døsen.

Torsdag morgon vann dei første kamp i sluttspelet 4-1 over Holmen.

– Etter svakt spel i første innleiande kamp er jentene no på vinnarsporet, slik vi kjenner dei. Vi leia 3-0 før dei reduserte, og var nærmare 2-3 fleire mål enn dei var redusering, seier Døsen om laget som i fjor både vann Sør Cup og kretsmeistertittelen.

1/8-finalen går mot Ekholt klokka 15.00 i dag (Ekeberg bane 34).

Vinn dei denne er det kvartfinale klokka 09.00 fredag morgon (Ekeberg bane 31).

Rauk ut - utan tap

Os Fotball stiller med 7 lag i Norway Cup, Nore Neset med 2 og Jadakameratene med eitt.

Av dei 10 laga var det 5 som gjekk til A-sluttspel, dei andre 5 gjekk til B-sluttspel.

–Det sto 1-1 etter full tid. Vi tapte dessverre på straffekonk for belgiske Olve, litt surt, sidan ingen har slått oss etter ordinær tid i denne cupen, seier Stian Nyhus, om Os G14.

Onsdag var det tre kampar i A-sluttspelet.

Jadakameratane var einaste som vann onsdag, men etter 2-0 over Håkvik gjekk dei på eit 5-0-tap for Hareid.

Drøbak - Os 5-1 (1/64 G15/16)
Jada - Håkvik 2-0 (1/16 G15/16)
Olve SC (Tyskland) - Os 1-1 (4-1 etter straffekonk)

I B-sluttspelet var det 2 av 5 lag frå Osbygda som vann første kamp i sluttspelet.

Nore Neset J14 7-ar slo Lesja 4-2, men tapte 1-3 for Haugar. Os J15/16 slo Åssiden 3-1, men tapte neste kamp 0-1 og er også ute.

Lyn - Os 1-0 (1/16 G15/16)
Os - Inderøy 0-1 (1/8 G17 7-ar)
Rising Star - Os 3-0 (1/32 G18/19)
Nore Neset - Lesja 4-2 (1/16 J14 7-ar)
Nore Neset - Haugar 1-3 (1/8 J14 7-ar)
Os - Åssiden 3-1 (1/32 J15/16)
Lyn - Os 1-0 (1/16 J15/16)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.