Verken Herrem eller Kapinga spelte i dag, men det gjorde Østervold, og det heldt til poeng. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Noregs mest effektive spiss

Kristoffer Østervold blei første spelar i norsk toppfotball til å nå 10 skåringar i 2017 då Lysekloster spelte borte mot Aalesund 2 i dag.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Aalesund 2 - Lysekloster 2-2 (2-1)
Sjå kampfakta på fotball.no.

Lysekloster tok leiinga i dagens bortekamp, men hamna under til pause. Då Kristoffer Østervold utlikna i 72. minutt berga han ikkje berre poeng til Lysekloster, han sette inn sitt andre for dagen og sitt tiande for sesongen.

– Nett no er Kristoffer den einaste i norsk toppfotball (3. divisjon og opp) som har skåra eit tosifra tal med mål, seier trenar Ruben Hetlevik og gratulerer.

I Eliteserien er det spelt 12 rundar, i OBOS er det spelt 11, men ingen har skåra like mykje som Østervold har på sine 8 kampar.

Hadde full kontroll

Østervold gav Lysekloster leiinga på straffe eit kvarter ut i førsteomgang.

– Han blei tatt ned då han var åleine med keeper og valte å ta straffen sjølv. Vi hadde full kontroll på kampen og eg kunne ikkje sjå korleis vertane skulle klara å skåra på oss, seier Hetlevik.

Tre minutt seinare sto det 1-1.

– Dei kom på to kontringar, der vi måtte laga frispark på det eine og straffe på det andre for å unngå at dei kom seg åleine med keeper.

Vertane leia 2-1 til pause.

– Vi skapte ein del sjansar før Østervold utlikna. Etter at det blei 2-2 gjekk begge lag for siger, og det blei eit kaotisk siste kvarter.

– Vi har hatt nokre tøffe veker no, med ein del skade og virus i stallen. Dette er eit lag vi skal slå, men då kampen blei som den blei er vi nøgde med å ta med oss eit poeng heim, seier Ruben på telefon frå flyplassen i Ålesund.

Lysekloster er framleis på toppen av tabellen, no eitt poeng framfor Brattvåg.

Neste kamp går heime mot Spjelkavik laurdag.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Lite stemte for Os

17. oktober 2017

Det stemte verken framover eller bakover då Os møtte Fyllingen.

bilde-midtsiden

Bil i fjellveggen

17. oktober 2017

Ein mann er køyrd til legevakt etter ulykke nær Nordvik.

bilde-midtsiden

Først Stord - så Os

17. oktober 2017

Komipris-vinnar Christine Hope er i ferd med å starta vestlandsturneen sin.