Daniel Simonsen frå Bergen har hausta prisar og positiv merksemd internasjonalt. Laurdag står han på scenen på Empire. (Pressefoto)

Noregs mest morosame mann?

– Han har oppnådd internasjonal merksemd andre norske komikarar berre kan drøyma om, seier Jon Hægland før klubbkvelden på Empire.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Laurdag ligg det til rette for ei aldri så lita kulturvandring i Os sentrum.

Catten køyrer Eirik Søfteland vs Elg i finalen i «Århundrets stemme» på storskjerm frå 19.30, Hanne's byr på Johnny Olsen Band og Standupklubben Råkt Opp & Ned køyrer klubbkveld på Empire.

Dette er deira tredje standupshow i Os til no i år.

– Først drog Christoffer Schjelderup fullt hus på Catten i januar, då vi fekk forsmak på showet han har hatt i Bergen i vinter, som kjem i Oseana til haust. Så flytta vi til Empire for å auka kapasiteten, og fekk endå fleire på «Drittliv» med Kevin Kildal, oppsummerer Jon Hægland.

– No har vi lagt opp til klubbkveld med fem komikarar, inkludert konferansier. Eg er spesielt nøgd med at vi har fått Daniel Simonsen til Os!

Internasjonal prisvinnar

Daniel er frå Bergen, og har stått ein del på scenen i heimlandet. Men blant norske komikarar skil han seg ut med mykje fartstid og positiv merksemd internasjonalt.

– Han bur i New York og har blant anna vunne den gjeve Foster’s Edinburgh Comedy Award i kategorien «best newcomer».

Dette var i 2012. Simonsen har òg vore del av Top Secret Comedy Club i London, fått gode kritikkar for showet sitt «Champions» og turnert med Simon Amstell.

– Han er unik på scenen! I starten lurer du på kva som skjer - på slutten så er det nesten så vi må henta inn hjartestartarar og oksygenmasker til publikum.

Jon tar mikrofonen

Osingen Hægland blir sjølv å sjå på scenen laurdag.

I tillegg har han fått med seg Ahmed frå Oslo som konferansier og to komikarar frå Bergen til å delta på klubbkvelden.

Kveldens lineup:
Daniel Simonsen
Eirik Krokås
Jonny Bayer
Jon Hægland
Konferansier: Ahmed