Sport | 09. nov. 2010

Noregs yngste

Stortalentet Stefan Mauricio Hernandez Bernsen (14) har gjeve Lysekloster ein noregsrekord.

Noregs yngste
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 09. nov. 2010 14:17

Ei prøveordning i 2010 som gav fotballklubbar løyve til å bruka 15-åringar i seniorfotball gav med Stefan Mauricio Hernandez Bernsen Lysekloster ein noregsrekord å smykka seg med.

Stefan fyller nemleg ikkje 15 år før 29. desember. Med speletid på A-laget til Lysekloster, som rykte opp til 5. divisjon i år, er han ifølgje trenaren den yngste fotballspelaren nokosinne som har spelt på eit norsk opprykkslag.

- Han har ikkje berre vore innom A-laget, Stefan har spelt 7 seriekampar og 2 KM-kampar, seier trenar Ørjan Sandal.

Starta tidleg
Stefan flytta frå Nesttun til Lysekloster då han gjekk i 4. klasse. Det eksotiske etternamnet til Stefan kjem frå faren, som er frå Chile.

Sjølv fortel talentet at han starta med fotball i vanleg ung alder, men at han tidleg fekk lov til å vera med dei som er eldre.

- Fetteren til mora mi var trenar for nokre gutar som er eldre enn meg, så eg byrja med ellevarfotball tre år før tida.

- Ekstremt talent
Sandal, som har drive talentutvikling i mange år, kallar Bernsen noko av det råaste han har sett på ein fotballbane.

- Stefan har ekstremt god pasningsferdigheter med begge bein og han har ein heilt spesiell aggressivitet og balanse i kroppen.

- Dette saman med stor treningsvilje gjer Bernsen til ein veldig spennande spelar for framtida, seier Lysekloster-trenaren.




Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.